Elizabeth og hennar Fitzwilliam Darcy har vore gifte i seks år, og lever lukkeleg på Pemberley. Dei er midt i planleggingi av det årlege ballet, når ei vogn rasar inn på tunet, Lydia Wickham dett ut og ropar at mannen hennar er skoten. I skogen finn dei ein mann død, men det er ikkje Wickham - det er unge Denny. Livet på Pemberley vert kanskje aldri heilt som før når mordet skal oppklarast og nye og gamle hemmelegheiter kjem fram i dagen.

Death Comes to Pemberley er ein pastisj over Jane Austen og hennar Pride and Prejudice, og ein absolutt vellukka sodan. James låner figurane med stor respekt - særleg Darcy får ein ny dimensjon med hennar penn - og språket er Austen sitt, om enn i noko meir moderne utgåve. Og som elles i James: krimhistoria har ein liten vri - kanskje ikkje kjempeoverraskande, men nok til å halda spenninga og interessa oppe.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ingunn SHelena ETine SundalEli Hagelundritaolineingar hKarin BergLars Johann MiljeJarmo LarsenBjørg  FrøysaaEllen E. MartolPer Åge SerigstadSilje-Vera Wiik ValeCecilie69Amanda AKjersti SK. H.Heidi HoltanLailaBrit HonningsvågHarald AndersenRuneEvaBookiacLesevimsaLisbeth Kingsrud KvistenPirelliNorahPiippokattaTurid KjendlieIna Elisabeth Bøgh VigreMonika SvarstadAnneTorill RevheimBeathe SolbergKirsten LundGrofornixHarald KAstrid Terese Bjorland Skjeggerud