Femordsomtale: Einsam kunstnarsjel i fritt fall
Lengre omtale:
Forfattaren Aschenbach, ein høgt akta kulturpersonlegdom i München, får eit akutt tilfelle av utferdstrang og ender opp i Venezia, der han blir hovudstups forelska i ein unggut i 14-årsalderen som bur saman med familien sin på same badehotellet.
Settinga er egna til å skape kvalme og ubehag hjå lesaren. Denne kjensla blir forsterka av miljøskildringane frå byen, det er kvelande varmt og det er i ferd med å bryte ut ein kolera-epidemi. Likevel kan ein ikkje anna enn å bli fascinert over innsynet som Mann gir i tankebanene til hovudpersonen, eit innsyn som kanskje skuldast at Mann delvis baserer forteljinga på eigne opplevingar. Aschenbach har vigd seg sjølv til forfattarskapen sin og har hatt høg sjølvdisiplin både i arbeidet og i privatlivet, men gir slepp på alt dette i Venezia. Han innser også etter kvart at han slett ikkje ynskjer å vende attende til det normale livet sitt.
Enkelte parti i boka er veldig reflekterande, og her ramlar eg litt av lasset. Eg veit ikkje om det er på grunn av det litt gamalmodige språket, eller om det er manglande litterær modenheit hjå denne lesaren, men under ein slik passasje tidleg i boka var eg nær ved å avbryte den. Heldigvis løsna det veldig opp etter kvart, og totalt sett kan eg på ingen måte påstå at boka var tunglest.
Utgåva mi av boka er frå bokklubben sin «Mestermøte»-serie, og er illustrert med maleri av Kjell Erik Killi Olsen. Maleria er mørke, dystre og underlege, og gjenspeglar på ein ypperleg måte den sjukelege og einsame tilstanden til hovudpersonen i boka.