God helg, ja.
Eg er straks ferdig med Døden i Venedig av Thomas Mann, ei bok eg les med ei blanding av kvalme og begeistring. Så har eg ikkje heilt bestemt meg for kva som blir neste bok, men eg heller mot Kings Bay-saken av Monica Kristensen.
Og sjølvsagt er eg klar for å starte på lesesirkelboka Far Goriot. Jau, helga blir fin, den.
Viser 1 svar.
Og etter at eg skreiv dette såg eg at Olivensteinen av Gunn Marit Nisja hadde ramla ned i postkassa. Signert eksemplar direkte frå forfattaren. Det var så hyggeleg at eg flytter den rett opp på topp i leselista, Monica får vente litt til.