Den svært så tradisjonsbundne familien Makioka har vore mellom overklassa i Osaka, og sjølv om den tida er forbi, endrar det ikkje deira handlemåtar når det gjeld å gifte bort ei søster. Sjølv om Japan er inne i ei brytningstid er det vanskeleg å sleppe alt det gamle, dette vert styrande når dei skal prøve å gifte bort dei to yngste: Yukiko og Taeko.

Dei to eldste er godt gifte, Tsuruko er eldst, styrer "Huset", og må konsulterast i alle viktige avgjerder i familien. Sachiko er nr to flokken, og deltek tidvis nesten som reservemamma for dei to yngste.
Ein ting er sikkert, å få jentene bortgifte på den tida måtte vere ein kunst! Frigjorte Taeko har mange gode tilbod, men ho kan ikkje slå til fordi sjenerte Yukiko må giftast bort først, sidan ho er eldre...... Og – når dei i tillegg er svært så kritiske til aktuelle kandidatar til tause, sarte Yukiko, så går tida.

Tanizaki skildrar det japanske samfunnet nesten i overkant detaljert. Men – gjennom denne detaljrikdommen får vi eit godt innsyn i skikkar, haldningar og tenkjemåtar hos japansk overklasse i førkrigstida. Det er eit samfunn i endring, det vestlege vert meir og meir gjeldande, sjølv om det gamle framleis står sterkt: ma etikette, skiljet mellom mann og kvinne – og nesten det viktigaste: Æra går framom alt!

Romanen er karakterisert som eit «vemodig mesterverk». Omsetjaren, Ika Kaminka har gjort ein framifrå jobb, der innslag av gamalmodige ord og uttrykk er eit positivt krydder til teksten.

Eg likte boka godt, enda med terningkast 5

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

IngunnJAnne Berit GrønbechRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieKirsten LundBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethIngunn SOleMorten MüllerTanteMamieHanne Kvernmo RyeLilleviAvaTine SundalHilde AaDaffy EnglundTom-Erik FallaÅsmund ÅdnøyBeathe SolbergPiippokattaElisabeth SveeIreneleserAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNinaHarald KLinda NyrudStein KippersundBjørg Marit TinholtMonica CarlsenTheaEllen E. MartolBård StøreRolf IngemundsenFindus