Eg er av dei som er i gang med kvardagen att, sjølv om det kan sjå ut som det endrar seg no som streiken vert trappa opp. Enn so lenge lever eg lærarliv og vekslar mellom kose-lesing og å nytta helga på å lesa meg opp på nye fag.
Men koselesinga er mest spanande, enn so lenge. Eg har nett ferda The King av JR Ward, den nyaste utgjevinga i serien The Black Dagger Brotherhood. På nesten 1000 sider vart den (fysisk) for tung til å ta med på ferie, og måtte venta til eg kom heim. Lett underhaldning, men diverre ikkje like drivende som tidlegare BDB-bøker. Men med den ute av verda kan eg konsentrera meg heilt om hovudboka for tidi, Persuasion av Jane Austen (ja, kontrastar er berre kjekt). I tillegg høyrer eg novellesamlinga Rogues på lydbok, med noveller av t.d George R R Martin, Patrick Rothfuss, Gillian Flynn og Joe Abercrombie.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg  FrøysaaHelge-Mikal HartvedtKirsten LundHarald KRune U. FurbergLilleviIngunn SBjørn SturødCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAne