Femordsomtale: Harry Hole handterer hardkokt hyperskurk

Lengre omtale:
Bok nr 8 i serien om Harry Hole, og den lengste så langt. Nok ein gang er det ein seriemorder som gjeng laus, og Harry må motviljug (motvilje frå både HH og frå dei som hentar han) hentast inn for å nøste opp i saka. Som om ikkje det er nok, så er det også ein maktkamp på gang innad i politiet som legg sterke begrensingar på Hole sin handlefridom. Men ikkje overraskande så ordnar Harry etter kvart opp i sakene.

Plottet er rimeleg bra. Men dei overraskande vendingane i historia blei ikkje slett så overraskande som dei kunne ha vært. Det var enkelte gangar for lett å sjå kva som kom. Eg misliker også sekvensen der skurken skal forklare i detalj motiva for handlingane sine. Her synes eg, som i fleire andre av bøkene, at Nesbø skulle overlate litt meir til lesaren. Som i dei øvrige Hole-bøkene så er miljøskildringane særs overtydande. Enkelte passasjer er nærmast poetiske. Men der er også enkelte glipp. Ein bitteliten ein som eg hengde meg litt opp i medan eg las den: Harry sit på bar og får ei aha-oppleving medan han kikar på spritflaskene på hylla:

Beefeater, Johnnie Walker, Bristol Cream, Absolute, Jim Beam

Kva i all verda for ein sosemikkel av ein bartender er det som plasserer ei einsleg sherry-flaske midt mellom spritflaskene?

Så kan ein også kritisere Nesbø for å skape ein i overkant stereotyp helt. Einsam ulv, slit med alkoholproblem, draget på damene, i opposisjon til autoritetar, og slik kan ein halde fram. Men bøkene er likevel gode. Dette er ikkje den aller beste etter min vurdering, men over middels. Vingla mellom 4 og 5 på terningkastet, men landa på ein 4’er.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineStig THilde Merete GjessingHilde VrangsagenMarit HøvdeInger-LiseIreneleserG LIngunn STerje MathisenCarine OlsrødAneKorianderBjørg L.Julie StensethKarin BergPi_MesonJarmo LarsenTatiana WesserlingHarald KRuneFride Lindseth