Femordsomtale: Reflektert om gravferder i einsemd
Litt lengre omtale:
Schau gjeng inn i dette bok-prosjektet med eit handicap; som nasjonalt rølpe-ikon og medie-sprellemann skal det godt gjerast å bli tatt på alvor når ein skriv om menneske som blir jordfesta i einsemd. Men forfattaren feier all tvil til side i løpet av dei første sidene; dette er ei reflekterande og ærleg tekst, og attpåtil godt skrive.
Prosjektet er som følger; etter å ha sett ein avisreportasje om kommunale gravferder der ingen kjem for å ta avskjed med den avlidne, bestemmer han seg for å oppsøke slike gravferder i heile 2009 og formidle inntrykka frå dei. Han gav seg etter 1/3 av året, men samla likevel saman tekstene han skreiv i etterkant til ei lita bok.
I tekstene reflekterer han over liva og lagnadane til dei avlidne, og over prestane som anstrenger seg for å lage ei anstendig gravferd trass i at ingen kjem for å delta. Men han reflekterer også vel så mykje over korleis det virkar inn på han sjølv å gå i desse gravferdene, og over korvidt deltakinga hans vil vere eit forstyrrande element for eventuelle sørgande som måtte dukke opp.
Sjølv om tekstane er gode og reflekterande, sit eg med kjensla av at Schau kunne gjort meir ut av dette bokprosjektet. Det blir litt knapt med berre referat frå gravferdene og tankar omkring eigne kjensler. Vidare lurer eg på om premissa for prosjektet øydelegg litt for autensiteten i opplevinga som blir skildra. Kanskje hadde det vært lettare å gå i desse gravferdene dersom han ikkje var kjendis, og kanskje har det at han orienterte gravferdsetaten og gravferdsbyrå om prosjektet sitt i forkant påverka forma gravferdene fekk? Men uansett, resultatet blei ei fin bok til ettertanke, og Schau, som eg på ingen måte ringakta frå før, steig mange hakk i min aktelse medan eg las den.
Viser 1 svar.
Lovende! Nå gleder jeg meg enda mer til å lese den.