Femordsomtale: Kjærleik og spelegalskap på attenhundretalet

Femavsnittsomtale:
Det er eit ordtak som seier at den som har hell i spel har uhell i kjærleiken. Utan å røpe for mykje kan ein vel seie at Dostojevskij til ein viss grad let handlinga i denne boka følge dette ordtaket.

Boka handlar om huslæraren Aleksej Ivanovitsj, som gjer teneste hjå ein russisk general under eit opphald på den fiktive tyske kurstaden Roulettenburg. Generalen er i pengetrøbbel, og er samstundes forelska i den luksusprostituerte Blanche. Aleksej på sin side er forelska i Polina, stedattera til generalen. Alle treng pengar, ei vanleg problemstilling for folk som lever i luksus utan å ha inntekt, og dei ventar på nyhende frå Russland om eit nært foreståande dødsfall i familien, og på arven det vil utløyse.

Namnet på den oppdikta byen Roulettenburg meir enn antyder at det drivast casino der, og enkelte av aktørane i boka utviklar etter kvart spelegalskap. Dostojevskij skildrar på ein overtydande måte dei psykologiske mekanismene som leier fram til denne tilstanden. Klokketrua på at ein kan vinne berre ein spelar litt til, og sjølvbedraget med at når ein har først har vunne ein sum så kan ein enkelt vinne det dobbelte, ja kanksje det tidobbelte, berre ein satsar høgt nok.

Skildringa av overklassesamfunnet på midten av 1800-talet er interessant lesing. Romanfigurane av ulik nasjonalitet blir tillagt stereotype karaktertrekk; den høflege og korrekte engelskmannen, den sjarmerende men beregnende franskmannen, dei upålitelege polakkane (Dortojevskij virkar å ha hatt lite til overs for franskmenn og polakkar medan han skreiv boka), og han kjem også med kritiske karakteristikkar av russiske særtrekk undervegs.

Eg høyrde denne boka som lydbok i Ordflyt. Eg har ikkje lest stort av Dostojevskij før dette, og innser at eg må gjere noko med det. På tide å setje opp nokre av dei meir kjende bøkene hans på leseplanen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

mgeAnne-Stine Ruud HusevågAkima MontgomeryLailaPiippokattaKaren RamsvikAmanda AKirsten LundReadninggirl30HanneEllen E. MartolIngunn SMalinn HjortlandEivind  VaksvikEli HagelundMads Leonard HolvikAnita S.LinnNikkaGladleserJarmo LarsenalpakkaKjerstiConnieReidun Anette Augustinmay britt FagertveitINA TORNESAnniken RøilPilarisKjerstiTonesen81HannekntschjrldAnne Berit GrønbechBeathe SolbergVannflaskeKaramasov11GodemineHanne Kvernmo RyeLars MæhlumNorah