Femordsomtale: OK oppfølger, men lite nytt.

Treavsnittsomtale:
Dette er den andre boka i Suzanne Collins sin «Hunger Games»-trilogi. Den første boka slukte eg rått, og blei begeistra for plottet og forteljarstilen. Det blei vanskeleg å lese bok nummer to utan å samanlikne med den første, og eg greidde ikkje å kjenne like stor begeistring for Catching fire. For all del, det er ei spanande og fengande forteljing, men store deler av boka sat eg med kjensla av at «dette har eg lest før».

Eg lot meg også irritere til ein viss grad av hovudpersonen, Katniss, som vekselvis er i overkant naiv og i overkant paranoid. Men kanskje er dette eit truverdig karaktertrekk for ein person som lever under eit såpass høgt stressnivå? På same måten finn eg kjærleikshistorie-biten, med vingling mellom kjenslene for jaktkameraten Gale og for Hunger Games-partneren Peeta, å vere forholdsvis uinteressant for handlinga i boka. Men ein gamal grinete gubbe som meg er jo ikkje i den primære målgruppa for boka, ein får tru at også denne delen av boka fell i smak hjå ungdomen. Og for å repetere meg sjølv; boka er totalt sett bra den, sjølv om den første var betre.

Heldigvis ser handlinga ut til å ta ei vending som inneber at den tredje boka kan bli ulik dei to første. Eg kjem utan tvil til å lese den også.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

HildeAnniken RøilHanne Kvernmo RyesomniferumSt. YngheadHarald KBente L.Egil StangelandKristine LouisesiljehusmorStig TTerje MathisenmgeRandiSraDevoralibrosTove Obrestad WøienDinaTine SundalKirsten LundCarine OlsrødReadninggirl30TanteMamieLilleviIvar SandGrete AastorpgretemorAlex NietoIngunn SBård StøreTonesen81PiippokattaDemeterVannflaskeBjørg RistvedtVanja SolemdalPirelliNikkaBjørg Marit TinholtEmil ChristiansenKjersti S