Strålendë!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Det tenkte jeg òg, da jeg fikk hjelp til å finne tødlene! ;)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tilfellet ville at eg seinare i dag skulle lese ein artikkel i det siste nummeret av tidsskriftet Sfinx, «Fra Bagherie til Bronte» av Steen Bo Frandsen, om ein epoke i Sicilias historie. Her heiter det i ei bildetekst (nr. 2/2014, s. 87), på ikkje heilt lytefri dansk:

Bronte var et lille hertugdømme, som kongen havde skænket admiral Horatio Nelson som tak for hans bedrifter i kampen mot Napoleon. Søhelten kom aldrig selv dertil, men jorden var på hans efterkommeres hænder helt til efter 2. Verdenskrig. Bronte er således en af de særlige britiske forbindelser til Sicilien. Den fik uventede følger. Eksempelvis tog den Nelson begejstrede Cambridgestudent Patrick Brunty navneforandring til Brontë. Han blev far til de berømte litterære søstre.

Her finn vi altså opphavet til namnet. Så var det tremaet: Den italienske skrivemåten er Bronte, med uttale «rett fram», som vi seier: [ˈbrᴐntə]. Dette fell det vel naturleg å uttale [ˈbrᴐnti] på engelsk, slik da også etternamnet til forfattarane blir uttalt på dette språket. Å skrive namnet Brontë på engelsk, med trema, var vel for enten å halde seg så tett opp til den italienske uttalen som mogleg, eller for å vise slektskapet til Brunty.

Ein trema bruker vi jo til vanleg i to tilfelle, for det fyrste over den siste av to vokalar som står ved sida av einannan for å markere at dei skal uttalast kvar for seg, f.eks. i Citroën, og for det andre for å markere at den siste av to vokalar er stum, f.eks. i namnet til den interessante franske forfattaren de Staël. Ingen av desse tilfella passar vel heilt her, i Brontë, så sjølv om vi har plassert tremaet rett (og annelingua har undervist i bruk av tasting på moderne telefonar - eg lærte dette for to dagar sidan) og attpå til funne opphavet til namnet, føler eg ikkje at vi er heilt i mål.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Therese HolmDaffy EnglundVidar RingstrømritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn SAstrid SæverhagenTanteMamie