August Strindberg sin "De lykksaliges ø". Kort-kort lydbok som eg fann på Ordflyt. Som papir-bok trur eg historia berre er tilgjengeleg som del av ei større samling med historier.
Herlig samfunssatire, den sat som eit skudd for denne lesaren (høyraren), eg gliste frå øyre til øyre medan eg køyrde bil og lytta til denne. Dette var mitt første møte med Strindberg, men eg må nok lese meir av han.
Viser 2 svar.
Nei, eg har papirutgåva i eit bind som også inneheld Fröken Julie.
Sjå der, ja. Greit å vite om. Veit ikkje om det er ein slags samlemani, men eg tenker på å skaffe meg papirkopiar av bøkene eg høyrer som lydbok.