Har denne ulest i bokhylla, kjøpt på impuls med forventningar om ei lettlest og morosam bok. Blanda omtaler hittil ser eg. Eg tåler godt å lese litt bannskap så akkurat den biten er eg ikkje uroleg for. Eg er meir utrygg på om eg kjem til å like at heltinna, slik eg forstår det, har eit avslappa forhold til arbeidsreglementet. Vi får sjå.
Viser 1 svar.
"Heltinna" - (veit nesten ikkje om eg kan kalle henne det)- har eit avslappa, eller kanskje meir eit utradisjonelt forhold til det meste, ikkje berre arbeidsreglement og dei styrande i bedrifta.
Du må gi ei tilbakemelding når du har fått lese boka!
(Ser elles at du er i Brasil - spennande!) :-D