Femordsomtale: Kunstferdige drodlerier om sår kjærleik
Tohundreogtrettifemordsomtale:
«Eu me chamo Antônio» tyder «Eg heiter Antônio». Dette er også ein del av forfattaren sitt fulle namn, Pedro Antônio Gabriel Anhorn, og tittelen antyder dermed at tekstene i denne boka er basert på eigne opplevingar.
Historia bak boka er om lag slik; Pedro Gabriel er glad i å sitje og drikke øl på baren Café Lamas i Rio de Janeiro. På eit tidspunkt starta han å drodle på serviettar på baren. Små fraser eller dikt, med særeigne, snirklete bokstavar og gjerne med ei teikning attåt som illustrerer poenget i teksta. I 2012 starta han facebook-sida Eu me chamo Antônio, der han la ut (og framleis legg ut) fotografi av drodleriet sitt. Sida blei raskt populær (ja, eg fylgjer også sida), og Gabriel bestemte seg for å gi ut eit utval av fotografia i bokform.
Tekstene, eller dikta om ein skal kalle det for det, er satt saman slik at dei fortel ei kjærleikshistorie. Frå det første blikket, via det første møtet og så til begeistra elskhug, over til usikkerheit, oppbrot, pinsle, freistnad på å gløyme, og så å finne attende til ein annan igjen. Fleirtalet av tekstene baserer seg på ordspel som er nærmast umogleg å oversetje til norsk. Mange av dei kan nok virke banale når ein ser isolert berre på teksta, men den spesielle kalligrafien og teikningane som høyrer til gjer at det likevel er ei flott oppleving å bla igjennom boka.