Eg byrja helgi på landskappleik på Geilo, skal fortsetja med bryllaup på Stord og avslutta med reise til London. Men nokre reiseetappar gjer at det vert tid til lesing for det, og i høve bryllaup les eg ein roman om nett det fenomenet - å vera singel i bryllaup: The singles av Meredith Goldstein. Hennar debutroman, frå 2012, og ingen høydare i leseåret, men lett underhaldning til tog og buss og ferje og fly. Når eg er feridg med den vert det å ferda Three Men in a Boat av Jerome K. Jerome, som eg byrja på (litt for seint) i fjor sommar. Strålande sommarkjensle og klassisk britisk humor som høver godt til opplading til London.
Om det vert tid til det etter desse to korte romanane, og iallefall med i kofferten, blir det & me skal verta omskapte av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland, sambygdingar og søte ungdomar (vel, unge vaksne no) som har skrive roman om Paris og London. Håpar - og trur - det òg vert god London-lektyre.
Engelskspråklege romanar elles legg eg att heima - eg reknar med kofferten blir nedtyngd nok av denslags som det er på ei veke i Storbritannia.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Synnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvaBeathe SolbergmgeBertyJulie StensethKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHanne Kvernmo RyeHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth Svee