Er komen til Brasil, og i byen eg bor i så regner det så mykje at det godt kunne vært sendt ut flaumvarsel her også. Ein får sjå positivt på det, det blir meir tid til lesing. Straumen er borte, håper den kjem att før kvelden, slik at ein kan lese då også.
Uansett, eg har nettopp gjort unna den politisk ukorrekte vegvisaren til brasiliansk historie. og ei slags diktsamling. Når eg kallar det for "ei slags diktsamling" så er det ikkje negativt meint, eg kjem nærmare inn på dette i bokomtalen etter kvart.
Så har eg starta på Paulo Coelho sin siste bok, Adultério. Eg veit ikkje kva tittel den vil få på norsk, men "Utruskap" vil vere ei grei oversetjing. Eg har ikkje kome lenger i boka enn at eg framleis har eit håp om at Coelho vil overraske meg på ein positiv måte. Og når eg blir lei av å lese på portigisisk, så har eg også lest litt i, og kjem til å halde fram med, Sandmannen av Lars Kepler.
Og medan eg skriv så har straumen kome attende. Håper det varer. God helg!
Viser 1 svar.
Barnebarnbesøk i Oslo hvor det kom en måneds nedbør på tre timer i går. Leser En sjøens helt - Skytteren med Jon M og ser Fotball VM.