Eg har lenge tenkt at eg burde lesa noko av D.H. Lawrence, t.d. "Sons and lovers" som eg kjøpte for nokre år sidan i pocketutgåve, men det er ofte slik at ein tanke berre blir med det - med tanken. Så dukka brått Geoff Dyers bok "En ren besettelse - Basketak med D.H. Lawrence" opp her ein dagen. Her er det som skal til, tenkte eg. Og jo - etter å ha lese meg gjennom halve boka er eg endå meir tent på "Sons and lovers". Og det trass i at boka handlar mest om Geoff Dyer på tur, og Geoff Dyer som har store planar om å skriva den ultimate boka om Lawrence, men aldri kjem ordentleg i gong - fordi han er på tur.
Ei utruleg morosam bok, eigentleg - vittig og full av sjølvironi. Og altså litt om D.H. Lawrence også.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

mgeKjerstiDagfinn JakobsenInger BjørndalJulie StensethIna Elisabeth Bøgh VigresomniferumCamillaBerit RPiippokattaFride LindsethTurid KjendlieAnniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenHarald KVibekeEster STore HalsaKirsten LundBjørn SturødCecilie69Per LundSverreTine SundalJane Foss HaugenRandiAMartesiljehusmorEli HagelundAlexandra Maria Gressum-KemppiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterTanteMamieStig TTone HAud Merete RambølSynnøve H HoelBenedikteBente Nogva