Artig det der!

"Det stig av Hav eit Alveland
med Tind og Mo;
det kviler klaart mot Himilrand
i kveldblaa Ro".

Når eg les Garborg sitt "Mot soleglad" så les eg litt ulike ting Fyrst har me det konkrete naturdiktet der Garborg skriv om naturen på Jæren. Her ser me landskapet i havdisen, fjelltoppane som kjem i brann ved solnedgangen. Fargane i myra som flammer opp og gir ulike tankar, mens Jærlandskapet ligg der støtt og stødig når sola går ned. Me veit at Garborg ofte lengta heim til Jæren, og her har han skildra korleis han ser på heimstaden sin.

Men dikt har fleire sider, og går me til den tematiske og billedlege sida er det rom for fleire tolkingar. Me tolkar jo ofte dikt ut ifrå eigen livssituasjon og erfaring. Kanskje er "Alvelandet" eit eventyrland? Den verda Garborg ønskjer seg, men som ikkje finst? Kan hende skildrar diktet Garborg sine motstridande kjensler for Jæren? Han veit eigentleg ikkje kvar han høyrer heime eller kva han vil med livet sitt.

Dikt er spennande!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 9 svar.

Jeg har dessverre ikke vært på Jæren.
Ser man fjelltopper derfra, "som kjem i brann ved solnedgangen"?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er nok ikkje ved solnedgang at fjella står i brann på Jæren - men når sola er på veg opp om morgonen. Jæren er ei låglandsslette, men i aust står jo fjella, eller "den fine Tinderad", som det heiter i "Mot Soleglad".

Ho søv, den fine Tinderad
i Draume-bann;
men so ei Stund ved Soleglad
ho kjem i Brand.

Og "soleglad" refererer nettopp til morgongry. Ofte er den jærske moronen mykje dramatisk, der austhimmelen blir farga brennande raud, før sola viser seg. Desse minutta kan vere utruleg flotte, og dramatikken blir forsterka av kontrasten frå fjellrekkja mot aust, som teknar eit snivskarpt, mørkt skilje mot den brennande himmelen...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Soleglad = solnedgang

PS: Men du får en stjerne av meg for den levende beskrivelsen av morgenrøden :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Og når tinderada er i øst, er det nok slik at ho "kjem i Brand" ved solnedgang (soleglad).

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Nei du - soleglad er nok når sola glader, både på Jæren og ellers. "Soli ho sprett og ho glader".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Blei nok litt feil av meg å skrive at han skildrar det "reine" Jærlandskapet. Naturskildringane til Garborg vil nok heller ikkje jærbuane føle seg heime i, men eg tenkjer at Garborg "blandar" den konkrete naturen med det abstrakte.

Kan hende drøymer Garborg om ei "ny" verd? Kan hende føler han seg ikkje heilt heime der han er no, og at det han drøymer seg til, er "litt" Jæren og litt "noko anna", både i konkret og abstrakt tyding? Eller betyr det noko heilt anna?...

Ikkje veit eg kva Garborg tenkte, og for eigen del har eg hatt fleire tolkningar. For nokre år sidan skreiv eg ei oppgåve om nettopp dette diktet, og for meg er "Mot Soleglad" eit av Garborgs finaste dikt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg les dette diktet som ei skildring av solnedgangen i havet. Når det ligg skyer eller skoddebankar lågt i synsranda så lyser jo desse opp etter at solskiva har gått bakom dei, nett som eit eventyrland av glitrande fjell.

Naar Dagen sig som Eld og Blod
i Blaae-Myr,
det logar upp med Glim og Glod
og Æventyr.

Blåmyra er jo ei vanleg omskriving for havet.

Så trur eg nok også at Garborg skriv inn ei tilleggsmeining i diktet, spesielt i siste verset, her heller eg til at han viser til det hinsidige.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det siste verset:

Eg lengta tidt paa trøytte Veg
der ut til Fred;
men Lande fyrst kann syne seg,
naar Sol gjeng ned.

Eg tenkjer og at her er det døden (Fred) ein lengtar etter. No har Veslemøy/Garborg sett at Alvelandet berre er ein draum, og ikkje ei verd som ho/han vil få oppleve,

Samstundes har ho/han slått seg til ro med at "Lande" ikkje kjem enno, det ser me i linja: men Lande fyrst kann syne seg når Sol gjeng ned.

Det er berre så vakkert!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Mot soleglad" er et nydelig dikt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Jarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlPiippokattaTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie Stenseth