Jan Guillou har eit enormt prosjekt framføre seg. Han skal skrive seg gjennom heile det 19.århundre med ikkje mindre enn 7 bøker. No er han komen til bok nummer 3 og dei glade tjueåra, med det litt meir dystre tredvetalet.

Guiilou vil gjennom bøkene sine ikkje berre fortelje ei historie - dvs gjere oss kjende med ei rekkje perosnar og deira tankar, kjensler, gjeremål og liknande. Han vil og gi oss eit innblikk i historia, kva som skjer og korleis dette forma samtida.

For å få til dette må då personane vere levande og interessante, og samtida som vert skrildra vere nett det same - levande og interessant. Elles vil boka lett verte ei oppramsing av stdar og hendingar, med eit persongalleri som er til tider kjedeleg, overfladiske og flate.

Dette er ei fare for alle historiske romanar, og sidan dette er noko Guillou har gjort før burde han kjenne til dette.

I dei tre fyrste bøkene gjer han og det. Det vil seie at han klarar å halde spanninga oppe, sjølv om vi veit at det kjem ein verdskrig til dømes. Personane er samstundes spanande og interessante, sjølv om det til tider i bok nummer to vert litt vel mykje "namedropping" av kjende personar.

Diverre klarar han ikkje å halde dette oppe i bok nummer tre. Boka kan til tider minne meir om ei oppramsing med eit klart mål for auge - verdskrig nummer to. Som lesar sit eg mest igjen med kjensla av å ha lest meg gjennom ei gedigen transportetappe som forfattaren diverre måtte igjennom men ikkje syns noko særleg mykje om.

Og dette er veldig synd. For det skjer faktisk ein god del mellom dei to verdskrigane. Og då snakkar eg ikkje berre om oppbygging etter og mot ein verdskrig. I seg sjølv er perioden eit skattkammer av utvikling som veldig veldig ofte vert overskugga av, ja dei to allereie for mykje nemnde krigane.

Det er for all del vanskeleg å ikkje la seg påverke av verdskrigane når ein skriv om desse tjue åra. Vi som ser tilbake veit jo kva som skjer, og let oss lett farge av det. Men det er jo nettopp dette som Guillou klarar i dei andre bøkene - og ikkje la fyrste verdskrigen overskugge for mykje. Og det skulle eg gjerne sett at han hadde konsentrert seg litt om i denne tredje boka og.

Eit anna moment som og gjer at boka gir kjensla av å vere skriven med harelabb, er at personkarakteristikkane er litt i overkant overfladiske. No er ikkje Guillou kjend for å skrive ut dei mest djupe og intest søkande romanfigurane, men det vert litt i overkant denne gongen. Som sagt, det er ei transport etappe der vi må bli kjende med nye figurar for at det neste store dramaet skal kunne utspele seg.

So er boka verdt lese? Sånn i seg sjølv, nei. Som ein del av den store 19. hundretals sagaen derimot er den nettopp ei naudsynt transportetappe mot neste bok.

Virkar meir som ei transport etappe mot neste mål

Det skjer faktisk noko mellomd ei to verdskrigane, men ofte druknar det i krig. Akkurat som om forfattaren prøvar å gjere tida interessant, men ikkje får det til.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Enig med mye av det du sier, men synst allikevel boken er OK, Jeg gir den en 4 paa terningen. Det er en transport etappe det synst jeg ogsaa, men interressant aa foelge familiens innblanding i blant annet Nazi Tyskland og videre fremgang i Sverige. Gleder meg enormt il bok 4 og synst at serien er det beste Guillou har skrevet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundTrude OmaToveDolly DuckAvaRandiAElisabeth SveeJoannHilde H HelsethStine SevilhaugKathinka HoldenTove Obrestad WøienJarmo LarsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseIngunn ØvrebøHilde Merete GjessingritaolineElin FjellheimRufsetufsaTonesen81Synnøve H HoelEivind  VaksvikMarteSverreReadninggirl30FredrikIngunn SJon Torger Hetland SalteVegardSilje BorvikBertyBjørg L.Beathe SolbergLisbeth Kingsrud KvistenIngeborg GVibekePirelliTheaLars Mæhlum