Eg har kika litt på sidene, og har nokre innspel.

For det første så opplevast det som unødvendig av at ein får opp duplikat-visingar av same bøkene (t.d. både innbunde og pocket) Det bør vere nok med ei vising av boka, og så kan ein når ein klikker på den finne ut av kva format den er å finne i.

For det andre ser eg for meg at det for enkelte byar eller land kan bli svært mange aktuelle bøker. Korleis kan den enkelte brukaren rangere desse slik at ein får løfta fram dei som er mest interessante for seg? Sortering etter stikkord, kanskje?

Når det gjeld reisemål så er Brasil eit land eg vitjar ofte, og har følgende tips til bøker som ikkje alt er med på lista
Dommedagskrigen av Mario Vargas Llosa
Den Store Sertão av João Guimarães Rosa
Dom Casmurro + Bras Cubas' posthume memoarer av Machado de Assis
Brasiliansk fotball av Marius Lien

Så vil eg til slutt takke for at sida dykkar gjorde meg merksam på boka Livet i et riskorn (Arroz de Palma). Eg prøver å orientere meg i kva som finnest av nyare, god brasiliansk litteratur, og sidan nokon tek seg bryet med å oversetje denne til norsk gjeng eg ut frå at den har noko for seg. Men skulle eg ende opp med å kjøpe den blir det nok ikkje hjå Norli (eller andre norske bokhandlar for den del), men i portugisisk språkdrakt i ein brasiliansk bokhandel.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Flotte tips! Hjertelig takk! Livet i et riskorn er visst ikke ferdig katalogisert som det heter. Derfor mangler info. Men boka ble utgitt i fjor under navnet Tante Palmas Ris, så søker du på det, får du vite litt mer. Flott å kunne lese på portugisisk!

Det med to visninger er nok litt smak og behag. Jeg synes det ser ryddigere ut, og at hver tittel kommer bedre frem. Men noterer meg at du ville foretrukket en visning!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Arroz de Palma er herved anskaffa. Og igjen, takk for tipset.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fann den ... her!. Blanda terningkast frå dei som har lest den, ser eg. Men eg har lest eit lite utdrag på portugisisk, og det virka svært tiltalande.

Når eg ikkje har vært merksam på denne boka før, så mistenker eg at det kan skuldast omslaget. Det appellerte ikkje til meg, så dersom den har stått i ein bokhandel eg har vært i kan eg fort ha neglisjert den.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenEgil StangelandMartinKirsten LundPiippokattaNora FjelliNicolai Alexander StyveKari ElisabethDinaIreneleserRandiAElin SkjerengAnn-ElinMarit HøvdeHarald KDaffy EnglundFindusNorahTone Maria JonassenTor-Arne JensenRufsetufsaJulie StensethHarald AndersenEvaBjørg RistvedtVannflaskeTherese HolmMcHempettTor Arne DahlStian AxdalHeleneRonnyHeidi BMarianne NordeideAnniken RøilGrete AastorpBjørg L.ChristofferTrude Oma