Nick er den strighte bassisten i det skeive punk-bandet The Fuck Offs, nyleg dumpa av vakre Tris og spelar konsert i New York City. Etter settet vert han ståande i baren, attmed ei jente i flanell. Når Tris kjem mot han spør han jenta “Kan du vera kjærasten min i fem minuttar?” ho svarar med eit kyss. Ho heiter Norah.
Norah er den ikkje-svært-opprørske dotra i ein velståande, velkjent familie. Ho brukar laurdagane på klubbar i New york City med den vakre veninna Caroline – og med å unngå (u)veninna Tris – og med å planlegga korleis ho skal få attende eksen Tal. Det er fram til ho fyrst går med på å vera Nick sin fem-minuttar-kjæraste, og sidan fygljet hans inn i New york-natta – fordi han treng litt oppmuntring, i fylgje band-venene. Nick & Norah’s Infinite Playlist er historia om denne eine seine natta der dei to bevegar seg gjennom New York, på leit etter musikken, og på leit etter kvarandre.
Forteljinga vekslar mellom stemmene til dei to hovudpersonane, annakvart kapittel fortel deira versjon av hendingane. Dette gir oss eit innblikk i begge hovud, og skapar god avvekslinga. Historia i seg sjølv er nemleg ikkje banebrytande, og det er uvisst kor mykje karakterane eigentleg utviklar seg på desse få nattetimane. ein annan ting som bryt litt med den klassiske amerikanske ungdomsromanen er at det fysiske forholdet mellom dei to har fått ganske stor plass, og er skildra med hakket meir rett-fram-språk enn det ein gjerne finn elles – forfriskande er det iallfall.
Fyrst publisert her