Boka handlar om hunden Buck, som er ein blanding at St.Bernhardshund og skotsk fårehund, og som har tilhald i ein overklasseheim i California. Han blir bortført av ein uærleg tenar i huset og seld, og ender opp som sledehund i Alaska under Klondike-gullrushet. Til slutt ender han opp med å slå seg i lag med ein ulvestamme i området.
Boka blir fortalt frå hunden sitt perspektiv, og på ein meisterleg måte. For ein som ikkje har større kjennskap til hundar og sledekøyring så virker det som om London har svært inngåande kjennskap til temaet. Alt frå hundeadferd, som t.d. korleis hundane etablerer rangordning seg imellom, og til detaljar omkring handtering av sledar, selety og andre hjelpemiddel. Veldig bra.
Skal ein trekke fram to forhold eg finn mindre overtydande er det (1) kor raskt hundane lækjast etter skader dei får i slåsskampar og andre dramatiske hendingar, og (2) korleis Buck får syner frå livet til forfedrene sine, dei første hundane som blei temde av menneske, for tusenvis av år sidan.
Sett bort frå dette, er boka ei av dei mest strålande dyre- og naturskildringar eg har lest. Eller høyrt. Eg høyrde nemleg denne som lydbok på Ordflyt. Kim Haugen var opplesar, og gjorde ein strålande jobb med det.