Sovjet på 1920-talet. Myndigheitene har bestemt at Gud ikkje eksisterer, så Satan dukker opp for å lage litt ståhei i Moskva. Han kjem i form av ein utanlandsk tryllekunstnar, og har med seg eit lite knippe hjelparar. Han sørger for å bli satt opp med eit show i eit stort teater i byen og gjer stor suksess, men det blir snart klart at det ikkje er Satan som underheld moskovittane, men snarare Satan som let seg underhalde av dei. Mykje av moroa består i å kle av moskovittane, bokstavleg i eit tilfelle, men også ved å gjere narr av byråkrati, grådigheit, hovmod og andre mennesklege veikskapar.
I ei parallell historie får ein historia om Jesu korsfesting, sett frå Pontius Pilatus sin ståstad. Historia skil seg ein del frå dei versjonane ein finn i Det nye testamentet. Denne skilnaden blir understreka av at nama på personar og stadar skil seg frå namna som blir nytta i evangelia (Jersjalaim i staden for Jerusalem, Jesjua Ha-Notsri i staden for Jesus frå Nasaret, etc.) Historia dveler ved Pontius Pilatus sine samvitskvaler over å ha dømt Jesjua til døden.
Mesteren, ein forfattarspire i Moskva, er den som har skrive denne historia om Pontius Pilatus, for så å havne på sinnsjukehus. Margarita, kjæresten hans, gjeng med på å utføre eit oppdrag for Satan, slik at Mesteren kan sleppe fri.
Det er ikkje småtteri av utrulege scener som utspelar seg i boka. Skal ein ha full glede av den må ein truleg anten vere godt over middels lærd, eller så må ein berre gi slepp på alle invendingar om at «dette gjeng då ikkje an» og berre bli med på reisa. Kanskje begge deler. For min del må eg innrømme at det til tider blei litt for mykje surrealisme. Men kjedelig? Nei, det var den ikkje.
Eg las denne boka som felleslesing i Kjell k sin lesesirkel i april 2014. Som alltid er det ekstra inspirerende å gi seg i kast med litt krevende bøker saman med andre.