Ei nærmast fabulerende forteljing om hendingar i Värmland i Sverige på første halvdelen av 1800-talet. Hovudpersonen Gösta Berling er ein ung prest som blir avsatt på grunn av alkoholproblem. Han blir tatt inn som «kavaler» på godset Ekeby. Kavalerane ei gruppe fargerike og stort sett eldre menn, pensjonerte offiserer og fattige adelsmenn, som vier resten av leveåra sine sitt til eit slags bohem-liv på landsbygda. Gjennom ein serie anekdote-prega historier, stort sett med ein viss kronologi, fyl ein livet til Gösta og dei andre kavalerane i eit års tid.
Der er mange kostelege historier, andre er underfundige, og atter andre er vakre og nostalgiske. Gösta har eit visst drag på damene, og mange av historiene handlar om tildragelser med lokale skjønnheiter i det øvre samfunnslaget. Ein annan fellesnevner for mange av historiene er korleis kavalerane trår til for å hjelpe seg sjølve eller andre ut av vanskelege situasjonar. Favoritten min i så måte er kanskje historia om då dei leverte jern frå Ekeby.
Selma Lagerlöf er ein meister i å skildre natur og stemningar. Det er heimtraktene sine ho skildrar, og det med ein god porsjon kjærleik. Ho er også flink til å få fram motstridande karaktertrekk hjå dei enkelte i persongalleriet sitt. Når eg likevel ikkje trillar høgare terningkast enn 4 er det mest fordi eg har litt vanskeleg for å få grep på desse kavalerane. Kanskje ikkje kavalerane i og for seg, men settinga med at dei har fått tilhald på ein herregard og attpåtil får kontroll over den i ei periode.
Eg spekulerer litt på om ramma for forteljinga er basert på legendene om Arthur og riddarane av det runde bord. Eg har ikkje lest nokon av desse legendene og veit i det heile svært lite om dei, men det skulle vært interessant om nokon med meir kunnskap om temaet kunne ha uttalt seg om dette har noko for seg, eller om det berre er sprøyt.
Eg høyrde denne som lydbok i Ordflyt, med Kari Hepsø som opplesar.
Viser 2 svar.
Det er som du sier, hva vet vi egentlig om Arthur og riddarane av det runde bord? Det er veldig mange forfattere som nevner dem, og allikevel er de så fjerne. Kavalerene er vanskelig å få tak på, hvorfor er de der på Ekely, jo, fordi de kan, og de får. De har trukket seg tilbake til en bedre verden, en verden som mange kunne tenkt seg. tenk bare på Downton Abbey og Miss Marple. Så de setter ikke spor etter seg, men det var moro så lenge det varte.
Det er interessant hvor lite dømmende de er overfor hverandre, til og med Sinclair og presten på Broby blir med i selskap og sitter ikke alene og gremmer seg. Det var tider. Sånn skulle det ha vøri.
For noen dager siden så jeg filmen "King Arthur" på Netflix, og den var ikke så verst, den. Det var flere likheter med dagdriverne hos Steinbeck enn med kavalerene hos Lägerløf. Navn som jeg kunne gjenkalle fra langt bak i bevisstheten var Lancelot, Merlin og noen flere, og da ringer det kanskje noen bjeller. Det var ikke så mange runde bord å se da, filmen handlet nok om deres yngre dager. Arthur og gjengen fremsto som tolerante og reflekterte, hvis man kan si noe slikt om noen som er i strid store deler av tiden.