Over feltet der ein skriv inn tekst er det nokre knappar, merka B, I, > etc. Knappen nest lengst til høgre har eit bilete av eit bilete, og er for å setje inn bilete. Når ein klikker på denne får ein opp eit lite hjelpevindauge som seier "Sett inn lenke til bilde", og som har eit felt der ein kan skrive inn (lime inn) lenka til biletet ein vil vise fram.

Så langt så godt.

Så må ein finne lenka til biletet ein vil vise fram. Det er viktig å finne lenka til sjølve biletet, ikkje berre lenka til sida der ein har funne biletet. For eksempel, dei fleste av bileta eg har lenka til i denne diskusjonstråden er frå wikipedia. Ta no nattverden, så er dette wikipedia-sida for maleriet:

http://no.wikipedia.org/wiki/Nattverden_(Leonardo)

Ved å klikke på sjølve maleriet kjem ein til ei ny side som fortel noko som sjølve bildefila som wikipedia viser fram:

http://no.wikipedia.org/wiki/Fil:Leonardo_da_Vinci_(1452-1519)_-_The_Last_Supper_(1495-1498).jpg

Dette er heller ikkje den sida ein skal lenke til. Det ser ein fordi der er masse tekst på sida. Men klikker ein på biletet ein gang til kjem ein hit

http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/0/08/Leonardo_da_Vinci_%281452-1519%29_-_The_Last_Supper_%281495-1498%29.jpg

og no er det berre biletet som visest fram. Dette er ein link ein kan lime inn i hjelpevindauget i bokelskere.no

På wikipedia og mange andre nettstadar er det lett å finne fram til lenka til sjølve biletet. Andre gangar kan det vere heller vanskeleg. Då kan ein like godt kopiere biletet over til eigen datamaskin og deretter legge dei ut på internett sjølv (og så kan ein tenke over korvidt ein bryt nokon kopi-rettigheiter). I denne tråden er det ein diskusjon om ulike måtar å gjere dette på.

Håper dette var til nytte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Takk Jostein, skal jammen meg prøve det ut en dag.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

HanneGodemineAjiniakraPi_MesonTor-Arne JensenHilde H HelsethIngvild RosslundPiippokattaBeathe SolbergDolly DuckgretemorAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLisbeth Marie UvaagNora KjærstadAnn-ElinLailaTanteMamieLinda RastenMads Leonard HolvikAnn EkerhovdBerit B LieHegeHarald KHeidi HoltanKirsten LundInger-LiseTrygve JakobsenReadninggirl30TheaCathrine PedersenAgnete M. HafskjoldTine SundalTjommiLene MBjørg Marit TinholtConnieToveJakob SæthrealpakkaPär J Thorsson