Fint ver meldt i regnhovudstaden òg, men for min del er det ein god grunn til å ligga på eit teppe i hagen med ei bok, istadenfor innandørs med ein film eller tv-serie. Håpar eg.
Eg har nett byrja på ein serie fantasybøker for born/ungdom, for tredje gong. Den nyaste boka i Dragonslayer-serien til Jasper Fforde kom i posten på tysdag, so då må eg fyrst lesa The Last Dragonslayer og Song of the Quarkbeast. Når eg ikkje kan lesa papirbok vert det Dracula på lydbok - og endeleg er eg hekta.