Litt snobbete som eg truleg er, styrer eg som regel langt unna alle bestsellarar og andre litterære motefenomen, i overtyding om at det massane likar truleg er av liten interesse for meg. Så også med fenomenet Karl Ove Knausgård. Eg opna inga bok av han før alle andre hadde slutta å gjera det. Men så las eg første avsnitt av Min kamp 1 - og vart hekta.
No er eg halvveges i Min kamp 5, der eg også er på heimebane i og med at kulissane er Bergen og handlar om eit miljø eg har eit visst kjennskap til.

Det er berre å ta av seg hatten for dette prosjektet. Knausgård har ei eiga evne til å dra lesaren inn i boka, det er som ein sit der og seier "meir, meir" - eg klarar ikkje å leggja desse bøkene frå meg. Eg har heldigvis Min kamp 6 igjen, deretter dei to første bøkene og "Sjelens Amerika", som eg les litt i no.

Men kva kunstar er det Knausgård nyttar seg av? Først og fremst dette at han er personleg, og at skrivinga hans handlar om noko verkeleg - dette er ikkje noko som er oppdikta og kunstig (jo, sikkert noko oppdikta her og der). Stilen er enkel og rett fram, på den same måten som eg i si tid beundra hos ein del amerikanske forfattarar, t.d. Henry Miller. Og det er ein nerve der, ein desperat dirrande nerve som treffer dei fleste. Fritt for litterært jåleri og oppstylta ord. Ja, eg er seld.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtHarald KHeidi HoltanChristofer GabrielsenKirsten LundSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetil