Ein dag inni helgi, og eg er allereie nøgd med alt eg har lese - det teiknar godt, sidan planen for i morgon er 28 stilar om nasjonalisme og 1800-talet.
Eg har akkurat ferda Allegiant, tredje og siste bok i Divergent-trilogien til Veronica Roth. Den fyrste filmen hadde premiere i går, og bror min har nesten lovt meg kinodate i morgon. Men etter å ha lese slutten veit eg ikkje heilt om eg har lyst å bli betre kjent med desse folki. Godt med YA-bøker innimellom, men at dei må vera so blodige då... No når eg er ferdig med dystopien ventar fantasyen, eg skal vidare i Blekkhjerte av Cornelia Funke, spanande og fornøyeleg fantasy for litt yngre lesarar - og det passar meg godt :)
På øyra har eg noko heilt anna (men òg bok som har blitt film), nemleg A Long Way Down av Nick Hornby. Eg har jobba utandørs i dag, og då rekk ein mykje, so no er eg berre to timar frå slutten, beklaglegvis. Boki er om fire ulike menneske som møtest på eit hustak nyttårsafta, og bestemmer seg for ikkje å hoppa utfor nett enno. Vakkert, morosamt og spanande.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Eg har nett vore på fagdag i norsk/litteratur og her vart det presentert mange ungdomsbøker, blant anna Divergent. Tenkjer eg bør lese nokre av desse bøkene sjølv, både for å få litt meir røynsle med ungdomslitteratur, men og for å presentere eit meir mangfaldig lesetilbod til elevane. Eg må vedgå at fleire av bøkene som vart presentert er langt frå bøker eg sjølv ville valt. Kan hende får eg meg ei positiv leseoppleving... :-)

Men det får vente til over helga, nå skal eg sjå litt på kva som venter i mi eiga bokylle. Eg har liggande bøker som Når himmelen faller ned av Jennifer Cody Espetein, og Vi ses i morgen av Tore Renberg. Den fyrste har handling frå Tokyo og skal vere om fiendskap og venskap , krig, død og forsoning. Tore Renberg si bok har samla støv i hylla ei stund, eg har spart boka til ei perfekt lesetid, og den har me nå: påska. Boka startar slik: Det er september og uvanlig varmt i verdens rikeste by. I et falleferdig hus ved fjorden holder Hillevågsgjengen til. Den ensomme lederen Jan Inge tror på samhold og ser på seg selv som en David Toska for de småkriminelle. Rudi har adhd og er stormforelska i Cecilie på syvogtyvende året, han er Kristelig Folkeparti-fan og hører på heavy metal. Cecilie fyller snart førti, hun bærer på en skinnende hemmelighet og drømmer om et annet liv. Nå får Hillevågsgjengen et uventet oppdrag i fanget.

Eg ventar å finne mykje kjent i denne boka, både stader, folk og uttrykk. Det er noko eige å lese bøker frå eigne trakter. Eg trur det må bli denne!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ann-ElinGroLailaKirsten LundKjell PMads Leonard HolvikAlice NordliVigdis VoldTralteVannflaskeToveThomas KihlmanDolly DuckWencheRune U. FurbergTonesiljehusmorIreneleserEster STove Obrestad WøienLeseberta_23Heidi BBLabbelineNorahTerje MathisenSynnøve H HoelPirelliTone SundlandTore OlsenBente NogvaJarmo LarsenEmil ChristiansenHilde Merete GjessingEgil KristiansenmarithcPerSpelemannOdd HebækMarianne  SkageKarina HillestadKristine Louise