Kokken Kristin er forteljar i første person i denne historia. Odelsjente, singel, men vil korkje ha gard eller mann. Ho vil heller bryte ut og stå på eigne bein, og startar restauranten «Små Gryter» på Åndalsnes. Når ho tilset den eks-narkomane ungjenta Marta som kjøkenhjelp og servitør, vekkast omsorgsinstinktet til Kristin. Dette fører igjen til at ho re-evaluerer livet sitt, og stiller spørsmål ved ein del av vala ho har gjort så langt.

Sjølve historia om restauranten er knakande god. Her er det tydeleg at forfattaren har førstehands kunnskap om temaet (det gjeng fram av forfattaren sin internett-side at ho er utdanna kokk og har erfaring frå bransjen). Det er artig å lese korleis ein kan få til noko såpass spenstig med ungdommeleg pågangsmot og hardt arbeid, og samstundes vondt å lese korleis Kristin etter kvart må la restaurantdrifta kome i andre rekke.

Romanen handler i første rekke om mellommennesklege relasjonar, og om kva det kostar og kva ein vinn på å sleppe andre menneske tett innpå seg, anten det er familie, omgangsvenner eller som i forholdet Kristin/Marta vilt framande.

Språket i boka er lett og ledig, det er tydeleg at teksta er godt gjennomarbeida av forfattaren. Dette er roman nr. 2 frå Nisja, som hadde stor suksess med debutboka «Naken i hijab». Det er lov å vente seg fleire gode leseopplevingar frå denne kanten, det ser no ut for å vere ein trilogi frå Egypt på gang. Eg held av plass i bokhylla til denne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tine SundalIngunnDemeterTrude JensenEileen BørresenVigdis VoldBerit B LieAnn ChristinKirsten LundHarald KStine SevilhaugErlend Rødal VikhagenIngunn STralteTheaTerje MathisenRune U. FurbergEgil StangelandCarine OlsrødDressmyshelfLisbeth Marie UvaagIna Elisabeth Bøgh VigrePiippokattaTove Obrestad WøienSissel ElisabethKari FredriksenNorahHelena ETrygve JakobsenAmanda AMarianne MStig TTherese HolmDaffy EnglundVidar RingstrømritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWencheMorten Müller