Gabi Gleichmann har dikta i hop ein imponerende slektskrønike i denne boka, der den kreftsjuke og døyande hovudpersonen Ari gjer greie for ætta si, Spinoza, frå 1100-talet og fram til i dag. Ættehistoria startar på den iberiske halvøya, men tek vegen innom store deler av Sentral-Europa undervegs før den ender i Norge. Og slektningane har heile tida roller som ligg tett inntil viktige samfunnsmessige endringar og historiske personar og hendingar. Hendingane som er skildra er så langt eg kan sjå oftast basert på historiske fakta, medan Spinoza-slektningane er, også så langt eg kan sjå, anten eit «identitetstjuveri» av og vidare-diktning over verkelege, historiske personar, eller fri fantasi.
Gleichmann sin samanblanding av fakta og fiksjon minner meg på mange måtar om Kjartan Fløgstad. Hjå begge finn eg det vanskeleg å trekke opp skiljet. Eg kan tru at ein person eller ei hending i boka er for merkelig til å vere sann, men når eg sjekker så har det rot i virkeligheita (for eksempel opptrykk av hundretusendollar-setlar i Gleichmann sin bok). Når eg ikkje greier å finne informasjon om ting eg lurer på, sit eg derfor heile tida med ei kjensle av at det KAN vere sant. Men innimellom finn eg jo klare prov på at personar og hendingar er oppdikta. Artig er det uansett.
Gleichmann sjølv er jøde, og det er også ei jødisk slektshistorie som blir fortalt. Ein får dermed innblikk i jødane sine levekår i ulike land og i ulike tidsepokar, og dette er stort sett forstemmende lesing. Djupast sett handler det vel om menneska sin hang til å vere mistenksame mot dei som tenker og handlar annleis enn seg sjølve.
Enkelte liker, andre liker ikkje, bøker der handlinga hoppar fram og attende i tid. Sjølv liker eg slike sprang særs godt. I denne boka er det slik at hovudlinja i forteljinga gjeng strengt kronologisk, ættledd etter ættledd, medan der er gjort eit forteljarmessig grep ved at Ari flettar inn historier frå sin eigen barndom, og hendingar frå dei nærmaste slektningane sine liv, inn i hovudlinja i forteljinga. Såpass må det nesten vere for å bryte opp i det som ellers fort kunne blitt ei monoton oppramsing av personar og hendingar.