På baksida reklamerar forlaget med at forfattaren har arbeid i mange år med problemstillingar knytt til innvandrar og integrasjon. Kjempespanande å lære meir om tenkte eg, og punga ut (…)

Og eg las ei side. Og ei til. Men eg trur ikkje eg kom meg ned side tre. Eg lurer heilt ærleg på korleis forlaget i det heile kunne finne på å gi ut denne boka. Det var som å lese ein stil frå barneskulen (ok, ein god barneskulestil da) og eg klarte faktisk ikkje å lese vidare. Og heilt ærleg, det er ikkje ofte eg gir opp ei bok.

Men dette vil jo seie at eg eigentleg ikkje kan seie noko om plottet eller oppbygginga. For språket var rett og slett so dårleg og skrivinga generelt so elendig at eg ikkje klarte meir. Hadde det ikkje vore for at eg av prinsipp ikkje brenn bøker, so hadde eg brukt den til opptenning. I bokhylla mi skal den uansett ikkje.

Men plottet kan for all del vere bra. Eg syns jo det høyrdes spanande ut når eg las om den. Men må den vere so fantastisk dårleg skrive.

Eg kjenner at eg faktisk blir litt frustrert på forlaget, for at dei i det heile har gitt ut denne boka. Den burde ha blitt stoppa lenge, lenge før utgiving.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Enig i at starten på "Den tredje søsteren" hadde eit kjempedårleg og platt språk, Ylva. Men eg hadde allereie lest hans neste bok "Barcode" og visste at forfattaren kunne levere betre. Den andre boka hadde også ein litt trang fødsel, men begge bøkene vart svært gode etterkvart. "Den tredje søsteren" er kanskje den boka eg har lest som har hatt størst kvalitetssprik frå start til slutt. Enig med deg i at forlaget ikkje har gjort jobben sin godt nok her. For Terje Bjøranger kan absolutt skrive!

Foreslår at du låner "Barcode" på biblioteket. Minimalistisk, miljøsparande og økonomisk ;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Går an å holde seg litt mer saklig i tilbakemeldingen da! Greit du ikke likte boka, men trenger ikke utbrodere hva du helst ville gjort med boka etc. blir for useriøst!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Violeta JakobsenHarald KsomniferumPiippokattaStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNinaMaiken