Det er merkelig korleis bøker på uventa vis kan henge saman, eller i det minste ha uventa "kontaktpunkt". Dei 4 siste bøkene eg les/har lest er
- Nostradamus' testamente (Tom Egeland)
- Drømmen og hjulet (Jens Bjørneboe)
- Udødelighetens elixir (Gabi Gleichmann)
- Mesteren og Margarita (Michail Bulgakov)
og der er hendingar, stadar eller personar som gjeng att i desse fire bøkene trass i at dei er svært ulike. Eller, når eg tenker etter, det er vel først og fremst Udødelighetens elixir som knyter dei saman.
Døme:
- Galileo Galilei sin grav i Santa Croce i Firenze dukkar opp både i Udødelighetens Elixir og i Nostradamus' testamente.
- Dei europeiske revolusjonane av 1848 er eit element i innleiinga av Drømmen og hjulet, og er også baka inn i handlinga i Udødelighetens elixir
- Den russiske diktaren Aleksandr Pusjkin dukkar opp både i Mesteren og Margarita og i Udødelighetens Elixir.
Kvar for seg er ikkje desse kontaktpunkta så underlege, men at alle dei fire siste bøkene eg les/har lest heng saman på denne måten finn eg litt pussig. Eller i det minste artig.