Dette var ein innertier! Du verden for ei flott, lita bok. Jan i Skrolycka, ein fattig og ringakta husmann på landsbygda i Värmland, blir far til ei lita jente, og gir henne navn etter sola. Klara Fina Gulleborg, eller berre Klara Gulla til kvardags. Faren blir grenselaust glad i jenta. Gjennom ei serie anekdoter får lesaren take del i oppveksten, og korleis jentungen kastar lys over opphavet sitt.

Når jenta veks opp og flytter heimanfrå blir faren beint fram gal av sakn etter dattera, og skapar seg ei fantasiverd der dattera er keisarinne av Portugallien, og sidan han sjølv er far til keisarinna må det naturligvis forhalde seg slik at han sjølv er keisar. Men når dattera vender attende etter 15 år utan å ha gitt lyd frå seg blir det ikkje det hjartelege gjensynet som faren hadde tenkt seg.

Skildringane til Lagerlöf i denne boka er heilt fantastiske, både av natur og livet på landsbygda, av det sårbare sinnelaget til Jan i Skrolycka, og av det fine forholdet mellom far og datter som blir så fortvila annleis når dattera vender attende som vaksen. Det er berre å gi seg over, og la seg suge inn i boka og i stemningane.

Eg høyrde denne som lydbok. Opplesaren Sidsel Meyer Aasrud sin milde stemme kler tonen i forteljinga veldig godt, faktisk så godt at det meir enn kompenserer for at ho av og til famlar etter orda.

Denne boka var det første møtet mitt med Selma Lagerlöf, men det blir garantert ikkje det siste. Faktisk blei eg så begeistra at neste lydboka eg skal høyre blir Gösta Berlings saga av same forfattar.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Takk for den flotte omtalen av Selma Lagerlöfs Keiseren av Portugallien, Jostein. Det var den som fikk meg til å høre boken på boknett-appen. Er så enig i alt du skriver om historien, men for meg ble dessverre lytteopplevelsen forringet av all stotringen og stammingen til oppleser Mona Jacobsen. Utrolig hvor viktig oppleseren er. Her trekker det ned totalinntrykket, mens andre bøker jeg har hørt, etter å ha lest dem, har tilført teksten en ekstra dimensjon og således gitt meg bedre opplevelser. Etter litt fram og tilbake, endte jeg med å gi en sterk firer på terningen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandLinda NyrudPi_MesonStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer Smedaas