Ein middelaldrande mann reiser heim til staden han vaks opp for å gå i ei gravferd. Når stemninga vert for trykka set han seg i bilen og køyrer til banrdomsheimen, og til Hempstock-garden i enden av vegen. Medan han sit ved andedammen, som barndomsveninna Lettie kalla Havet før ho flytta til Australia, hugsar han barndommen. Ein barndom med meir magi og spanande hendingar enn han kunne sett føre seg.
The Ocean at the End of the Lane byrjar som ein eldre mann sine memoarar, men det viser seg snart at dette ikkje berre er Neil Gaiman i kjent stil, men på høggir. Han fortel frå ein sjuåring sin ståstad med overbevisning og innlevelse, samtidig som det heilt klart er ein roman for vaksne lesarar. Dette er både ein rein fantasy-roman med magi, parallelle verder og monster skumlare enn dei som gøymer seg i mørkret, og ein roman om minne – kva me hugsar, kva me vel å hugsa, kva som er sant og kva som er fantasi – og kva me gløymer.
Når eg byrja på Ocean var eg innstilt på ei Gaiman-oppleving, men med Neverwhere, min nye favoritt, ferskt i minne tok det omlag halve boki før eg var heilt gripen. Dei siste timane med lytting gjekk derimot unna alt for fort, og vakre – og sanne – skildringar av barndommen veksla med skremmande bilete av udyr berre barndommens mareritt kan skapa. Eg valte ei innspeling der Gaiman les, og denne karen kan lesa! Det er ikkje alltid “forfattaren sjølv les” gir dei beste innspelingane, men det gjeld ikkje Gaiman. Historia er både personleg, biografisk og full av Gaiman sin kjente galskap, og å høyra det fortalt med hans stemme passar godt. Dessutan er han både engasjerande og behageleg – den stemma kunne ha rugga meg i søvn kva kveld som helst (sjølv om eg då antakeleg hadde vakna med hovudet fullt av Hunger Birds og store osean).
Fyrst publisert her