Takk og lov for Lånekassa. Arne Garborg skildrar ein oppdikta men likevel truverdig, og truleg også delvis sjølvbiografisk, bondestudentlagnad frå andre halvdel av 1800-talet. Bondesonen Daniel Sørbraut viser som gutunge betydeleg meir interesse for bokleg lærdom enn for gardsarbeid, og dei fattige foreldra samt meir bemidla folk i bygda gjer det dei kan for å hjelpe han til å skaffe seg utdanning. Drivkrafta til Daniel for å studere er ei blanding av beundring av dei rike og mektige, og forakt for kroppsarbeid.
Pengesorger er eit gjennomgangstema i forteljinga. Velgjerarane til Daniel har ikkje økonomi til å hjelpe han meir enn halvvegs, og ei periode svelt han så det gjeng på helsa laus. Sjølv etter at han kjem i arbeid er han heile tida tyngd av pengemangel. Her kan denne lesaren, som også har vært student, ikkje anna enn vere takksam for at ein no kan skaffe seg utdanning utan å vere avhengig av andre velgjerarar enn Lånekassa.
Eit anna gjennomgangstema er tilhøyrigheit. Ettersom Daniel gjer sitt beste for å fjerne seg frå bondestanden, men samstundes kjenner seg framand i selskap med borgarstanden, blir han langt på veg utan sosial tilhøyrigheit.
Daniel lærer tidleg å prate andre etter munnen, dette var taktikken han nytta i småskulen for å bli omtykt av lærarane. I meir vaksen alder held han fram i same stilen, ser alltid noko fornuftig og bra i argument som andre ber fram, og har i liten grad eigne meiningar som han sjølv stend for. Her meiner eg Garborg er brilliant når han skildrar denne veikskapen, og konsekvensane av den.
Boka ender korkje bra eller dårleg, utan å røpe for mykje kan ein vel nevne at Daniel blir både vaksnare og meir sjølvstendig mot slutten av boka, men ikkje nødvendigvis gjer val som gjer han lukkelegare på sikt.
Eg høyrde denne som lydbok, med salige Edvard Drabløs som opplesar. Det gamalmodige språket saman med Drabløs sin særeigne opplesarstemme gjorde at nynorsken på det nærmaste virka parodisk og tilgjort i starten. Men etter å ha vent seg til stilen fungerte det greit.