Fran vaknar opp på 30-årsdagen sin, med mannen i sitt liv ved sida av seg og utsiktene til ei forfremjing på jobb. Eit knapt døgn seinare er ho deprimert, singel og vil lite anna enn å gå i hi og spionera på ekskjærasten sin nye flamme. Heldigvis for henne vil venene hennar – sexgale Leonie, den mystiske Stefania og trygge Dave – det anleis. Ho skal i løpet av dei neste nitti dagane gå gjennom minst 8 datar med ukjente menn, og på den måten kanskje komma over eksen.

Historia om Fran hoppar fint mellom notid og fortid, noko som gjer at ein får innblikk både i kjærleiks- og venskapsforhold frå ulike vinklar. Robinson skriv òg rått, humoristisk og har skapt ein hovudperson som på mange måtar er sterk, sjølvstendig og flink, trass nokre “tragic flaws” – som eit litt for dominerande følelsesliv (iallfall om lesaren er litt kynisk innstilt) og noko manglande impulskontroll. Bipersonane er òg interessante, sjølv om dei er karikaturar er dei ikkje typar, til det har Robinson funne for originale trekk til dei.

Når ein har lese ein Lucy Robinson-roman før, som eg har gjort, er det ikkje so vanskeleg å sjå kor dette skal enda. Men det er kjekt å vera med på ferdi dit, i ein lettbeint og lettliva kjærleiksroman.

Fyrst publisert her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tone HRolf IngemundsenKirsten LundVannflaskeHanne Kvernmo RyeEster SElin FjellheimToveTove AlmaReidun SvensliAmanda AAgnete M. HafskjoldHanneReidun GranberggretemorAud Merete RambølAnne-Stine Ruud HusevågHarald KLailaRonnyAnniken RøilPiippokattaTheaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNicolai Alexander StyveVariosaIngunn SVigdis VoldEli HagelundedgeofawordsiljehusmorTone SundlandFarfalleLinnDemeterGodemineMorten MüllerMarit HåverstadTone Maria JonassenPirelli