Park er den einaste koreansk-amerikanaren i nabolaget. Han driv med taekwondo fordi faren likar det, men er dårlegare enn vetlebroren. Helst vil han lesa teikneseriar og høyra musikk, og sig lenger ned i bussetet kvar gong det er fare for at naboguten leitar etter nokon å pirka på.

Eleanor er stor, raudhåra og grønøygd. Ho flyttar til nabolaget for å dela hus med den dysfunksjonelle og fattige familien, småsysken som ikkje let henne ha noko eige, ei mor som ikkje forsvarar henne og ein stefar ho hatar. Den fyrste dagen på den nye skulebussen er det berre setet attmed Park som er ledig.

Dei to ungdomane, som begge leitar etter seg sjølv, etter sin plass og fridom frå familie og forventingar, finn kvarandre. Dei deler til å byrja med teikneseriesider og miks-kasettar, før dei byrjar å dela andre deler av livet. Men noko står alltid i vegen, det er hemmelegehitar som ikkje kan delast, ikkje ein gong med den fyrste kjærleiken.

Eleanor & Park vert fortalt vekselvis frå kvar av hovudpersonane sin synsvinkel, og det gir oss eit godt innblikk i tankane og kjenslene til begge partar. Nokre gonger tippar romanen over til å bli litt vel søt, men på den andre sida er det gjerne dette som kjennetiknar den fyrste kjærleiken? Litt vel søt, men akk so djuptgripande. Romanen tek og opp mange alvorlege tema på ein mild måte – her møter me kroppspress, overgrep, fattigdom og negative sjølvbilete.

Eg les Eleanor & Park etter anbefaling frå skulebibliotekaren, og kjem nok fort til å anbefala den vidare både til elevar og til lærarar som treng tips til lesestoff i t.d. engelsk. Boki er lettlesen, humoristisk og engasjerande, men det er òg mykje å ta tak i for både unge og eldre lesarar.

Rainbow Rowell bur i Nebraska. Ho gav ut si fyrste bok, vaksenromanen Attachments, i 2011, medan ungdomsromanane Fangirl og Eleanor & Park begge kom i 2013. Denne vart valt som beste young adult-roman av nettsamfunnet Goodreads i 2013.

Fyrst publisert her.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

MartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvaBeathe SolbergmgeBertyJulie StensethKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHanne Kvernmo RyeHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDina