Kate og systera Georgia flyttar til besteforeldra i Paris etter at dei har mista foreldra. Kate slit med å finna attende til kvardagslivet, medan Georgia hiv seg ut i eit sosialt liv utan sidestykke. Men det er Kate som, på ein gatekafe i St. Germaine, møter den faktastisk flotte Vincent. Den fantastisk flotte Vincent med den store hemmelegheiten og det farlege livet. Snart er Kate, trass motstand frå både Vincent sine vener og si eiga fornuft, djupt innblanda, både med hjarta og liv.

Die for me går rett inn i den store straumen av paranormal romance som har komme for ungdom dei siste åra. Og til liks med mykje av denne litteraturen, er også denne boka høgst forgløymeleg. Vel har Plum funne eit nytt fantastisk vesen å skriva om – Vincent er ein revenant, ein udød, og dermed verken vampyr eller varulv eller engel – men elles har me lese dette før, og til og med i betre utgåver. Paris som plassering gjer det sjølvsagt hakket meir tiltrekkande, men for ein gongs skuld kjem eg ikkje til å leita opp dei neste bøkene i serien – om dei då ikkje plutseleg skulle befinna seg rett framfor nasen min, sjølvsagt. Grei underhaldning, men det er det.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundReidun GranberggretemorAud Merete RambølAnne-Stine Ruud HusevågHarald KLailaRonnyAnniken RøilEster SPiippokattaTheaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNicolai Alexander StyveVariosaIngunn SVigdis VoldEli HagelundedgeofawordsiljehusmorTone SundlandFarfalleLinnDemeterGodemineMorten MüllerMarit HåverstadTone Maria JonassenReidun SvensliPirelliSynnøve H HoelKorianderNinaChristofer GabrielsenNorahCarine OlsrødNtotheaHeidiEirin EftevandReadninggirl30