Det vart faktisk ein del bøker i februar òg, mykje takka vera nokre lange flyreiser på tampen av månaden. Og det er vanskeleg å velja ein favoritt, særleg sidan det har vore so variert lesnad. Kong Lear av William Shakespeare er sjølvsagt heilt i toppen, kva anna kan ein venta av The Bard? Dessutan har eg sett opsetjnga på DNS heile tre gonger, so historia og språket kom til uttrykk på so mange måtar.
Neil Gaiman sin The Graveyard Book er òg ein favoritt i februar, sjølv om eg ikkje litke denne like godt som tidelgare bøker av Gaiman. sist men ikkje minst vil eg dra fram ungdomsromanen Eleanor & Park som, typisk amerikansk som den er, likevel klarte å snakka lågmælt om store spørsmål - og sjølvsagt høglydt om andre store spørsmål. Me snakkar om den fyrste forelskinga, om å finna seg sjølv, om overgrep og vonde sjølvbilete, alt fint illustrert gjennom dei to hovudpersonane.