Forfattaren Dag Solstad, som er ein kjend forfattar i Norge, har hittil vært ukjend for meg. Ikkje slik å forstå at eg ikkje har vært kjend med navnet, på ingen måte, ja heller tvert imot, men det er altså slik at eg ikkje har lest noko av han tidlegare. Solstad altså, forfattaren. Når eg derfor legg merke til at denne boka som har det nøytrale namnet 17. roman har ein særeigen stil, eller språkføring om du vil, så har eg ikkje belegg for å påstå at dette er forfattaren, Solstad altså, sin særeigne stil. Men heller ikkje belegg for å påstå det motsatte, slett ikkje dette siste. Derfor nøyer eg meg med å slå fast at denne boka, som har tittelen 17. roman, har ein eigen stil utan å spekulere noko i kva dei førre 16 romanane har for slags stil, sjølv om det kunne vere freistande. Det som derimot er heilt klart, ja nærmast mata inn med teskei frå forfattaren sjølv, Solstad, på første sida i 17. roman, er at hovudpersonen i denne boka, Bjørn Hansen, også har vært med i ei tidlegare bok, utan at han nevner noko om korvidt stilen i den førre boka liknar på stilen i denne boka. Det kunne det sjølvsagt ha vært moro å vite noko om, men forfattaren Dag Solstad teier om dette. Stilen i den andre boka altså. Men Bjørn Hansen har det ikkje bra i denne boka, som eg gjeng ut frå er den 17. romanen av forfattaren Dag Solstad. Og grunnen til at han ikkje har det bra heng muligens saman med ting som skjedde i den førre boka han var med i, som ikkje er den 16. men den 11. dersom forfattaren, Solstad altså, har følgt med på nummereringa av bøkene han har skrive, og det må ein tru han har gjort. Eller kanskje heng det djupast sett saman, at Bjørn Hansen ikkje har det bra, altså, med forhold som ikkje er tatt opp i den 11. romanen. Det vesentlege er uansett at Bjørn Hansen har isolert seg frå familien sin, og her kan ein undrast på om det er det at han har isolert seg som gjer at han ikkje har det bra, eller om det er det at han ikkje har det bra som gjer at han har isolert seg, frå familien altså, sitt eige kjøt og blod, men som han gjer eit famlande forsøk på å nærme seg på nytt. Men det er søren fløtte meg ikkje så lett å nærme seg familien sin i ei tekst med ein såpass eigenarta stil, sjølv om stilen, eller språkføringa om ein heller vil nytte eit slikt uttrykk, i og for seg er interessant nok og kan seiast å reflektere dei eksistensielle pinslene som Bjørn Hansen balar med, men som ein på den andre sida kan hevde skaper ein ironisk distanse til desse pinslene. Utan å røpe for mykje kan ein nok best slå fast at forsøket på å få kontakt med familien er famlande. Om enn fortalt i ein særeigen stil av forfattaren. Dag Solstad altså.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 7 svar.

Jostein Røyset er faktisk grunnen til at jeg meldt meg inn i "bokelskere" denne helgen. Å lese bok-anmeldelser var nok for meg, ville ikke påtvinge min egen smak på alle dere andre. Uansett, Jostein's bok anmeldelse var artig, for dem som har lyst til å flire av et billig poeng, men jeg blir irritert å se at Solstad's 17 roman blir redusert på denne måten. Det er nesten som å se en bok fra første verdenskrig bli omtalt som "mat på boks, mann i grav, dette er herlig". 17 roman MÅ leses etter 11 roman, man går glipp av mye om man ikke leser i rett rettefølge

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Av Solstad har jeg hittil bare lest Gymnaslærer Pedersen ... og ble bare sånn passelig revet med av den særegne stilen - og etter omtalen din er jeg enda mindre fristet til å lese mer av ham.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du skal ikkje sjå bort frå at eg kan ha bomma i forsøket på å karikere stilen, så eg håper du legg andre kriterie til grunn enn berre denne omtalen for å eventuelt velge bort bøkene hans. Sjølv tykkjer eg stilen til Solstad i denne boka er heilt grei.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Å nei, du skal da slippe å ta på deg noe ansvar for at jeg holder en viss avstand til Solstad. Han er bare ikke "min tekopp", av årsaker jeg ikke har helt klart for meg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Interessant Marit. Jeg holder også "en viss avstand" til Solstad, selv om det sannsynligvis er av andre grunner (?) og selv om jeg omtrent har lest alle bøkene hans, fram til langt ut på totusentallet. Han har fått en underlig plass i norsk litteratur etter min mening. Han har utvilsomme litterære kvaliteter! Men, dersom man ser på alle de litterærer prisene han har mottatt, sprer de seg over hele forfatterskapet - unntatt den perioden han etter min mening skreiv sine beste bøker, nemlig fra 1974 til 1980.

Priser: To på sekstitallet, to på åttitallet, fem på nittitallet og to på totusentallet.

Det er naturlig å se politiske årsaker til dette. På syttitallet prøvde han å skrive bøker for arbeiderklassen, noe jeg mener han lyktes med.
25. Septemberplassen bør bli en norsk klassiker - når denne lammende høyrebølga vi nå er inne i har lagt seg. Krigstriologien hans likeså. Så får alle bøkene om de forvirrede mennene han skriver om før og etterpå - som ikke klarer å fikse livet sitt - bli en morsom historisk parentes.
- Parodien din Jostein er forøvrig flott utført.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg kjem nok til å lese fleire av Solstad, og merkar meg at du framhever 25. Septemberplassen. Sjølv har eg hatt "Gymnaslærer Pedersen ..." i tankane, og så 11. roman, om ikkje anna så for å få betre tak på den første halvdelen av historia eg har lest. Men det har ingen hast, det blir nok til at eg kjøper bøkene ein gang eg tilfeldigvis kjem over dei til ein rimeleg penge.

Så vil eg presisere at eg ikkje prøvde å parodiere i tydinga "gjere narr av", det ser ut for at Erik Bjarke Teigan i innlegget over har oppfatta meg slik, så det kan tenkast at eg har bomma litt. Meininga var heller å karikere stilen, slik eg oppfatta den, og nytte det som virkemiddel for å få fram stemninga i boka, samt understreke poenget eg avsluttar med, nemlig at eg opplever at stilen skaper ein ironisk distanse til hovudpersonen sine problem.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jeg slurver ofte med spraaket. Karikere er et bedre ord en parodiere. Simen Tveitereid har laget noen nydelige artikler paa samme vis som deg. Tror noe kan googles fram, muligens paa nasjonalbiblioteket.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

somniferumHarald KEivind  VaksvikAliceInsaneCathrine PedersenTor-Arne JensenellinoronilleKirsten LundFrank Rosendahl SlettebakkenAndreas BokleserMarteAnne-Stine Ruud HusevågMads Leonard HolvikTore HalsaTine SundalGretheFHilde Merete GjessingDaffy EnglundKristinCecilie69EvaPiippokattaIngunnJLinda RastenMargrethe  HaugenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudSigrid Blytt TøsdalDagfinn JakobsenStein KippersundBerit RNicolai Alexander StyveTrygve JakobsenDemeteralpakkaBeathe SolbergAgathe MolvikHelge-Mikal HartvedtAnneWangTone SundlandThea