Ivar er 40 år, arbeidar i bank og har gitt ut eit par diktsamlingar på eige forlag. Dessutan har han svært lyst å gifta seg, og fell for alle kvinner som kjem hans veg. Derfor er det ikkje lett når han, på grunn av si stilling som publisert forfattar, blir beden om å halda skrivekurs for to eks-narkomane og deira veninne. Ivar går i gang med jobben med stor ansvarskjensle, og gjer nok meir enn det som kan ventast av ein lærar i skrivekunst.

Tittelen på boka seier mykje om resten av innhaldet. Det er humoristisk, naivt, litt flaut og alltid om damer. Naiviteten til Ivar gjennomsyrar heile skrivestilen, og sjølv når det vert skummelt, når torpedoar på innkreving føl vår helt og hans veninner til den spanske solkysten, når ei lita jente vert trua på livet og Ivar burde oppdaga at livet ikkje er so snilt som han skulle håpa – ja, då er det likevel naiviteten som reddar både han og boki som heilskap. Det er lettlese, med enkle og verknadsfulle illustrasjonar og ein hovudperson ein ikkje kan unngå å verta glad i – men med eit underliggande stikk til alle som er single, sjølvstendige og sjølvrealiserte. For kva gjer ein ikkje for medmenneska sine når ein trur på kjærleiken og ekteskapet, og forelskar seg i alle kvinner ein er åleine med?

Fyrst publisert her

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Reidun SvensliAmanda AAgnete M. HafskjoldHanneEster SKirsten LundReidun GranberggretemorAud Merete RambølAnne-Stine Ruud HusevågHarald KLailaRonnyAnniken RøilPiippokattaTheaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNicolai Alexander StyveVariosaIngunn SVigdis VoldEli HagelundedgeofawordsiljehusmorTone SundlandFarfalleLinnDemeterGodemineMorten MüllerMarit HåverstadTone Maria JonassenPirelliSynnøve H HoelKorianderNinaChristofer GabrielsenNorahCarine OlsrødNtothea