Det har skjedd noko undarleg med meg i det siste, og eg har av ein eller annan grunn konsentrert med om mannlege, nynorske forfattarar, og sakprosa. Det skal eg fortsetja med i helgi, eg les mellom anna Frå Hovland til alle, som er e-postkorrespondansen til Ragnar Hovland medan han jobba i Samlaget tidleg på 2000-talet, og Hulda Garborg. Forfattaren og feministen av Sigrid Bø Grønstøl, som undarleg nok er særs spanande, sjølv for alle oss som ikkje har lese grunntekstane, nemleg Hulda Garborg sin samla forfattarskap (og oss er det mange av!)
Men det går ikkje berre i sakprosa, på øyra har eg The Greatest Love Story of All Time av Lucy Robinson, lett og humoristisk og varmt. Og mot slutten av helgi håpar eg å få dukka ned i noko ungdomslitteratur - sidan sist har eg nemleg fått ny jobb, som bibliotekar på eit skulebibliotek. Då kjem det mange freistingar seglande forbi.
Viser 1 svar.
Gratulerer med ny jobb, den håper jeg blir givende.
Nynorsk er vakkert så det høres ikke dumt ut. Selv leser jeg for lite nynorsk, men jeg har Vesaas samlede på vent.