Ut og stjæle hester er ei forteljing om det å bli voksen, og om det å bli gamal. Forteljarstilen er lavmælt, og vekslar i hovudsak mellom forteljaren sine opplevingar som 15-åring på sommerferie i ei lita bygd nær grensa til Sverige i 1948, og forteljaren sine refleksjonar over daglege gjeremål og livet generelt i ei anna bygd han har flytta til som pensjonist.

1948-delen av forteljinga minner meg på mange måter om Knut Faldbakken sin Insektsommer. Ein ung bygut på bygde-ferie, opplevinga av nærleik til naturen, gryande seksualitet, vaklande venskap med ein jevnaldrande gut, konkurranse med ein vaksen familiemedlem om ei dame, og dramatiske hendingar som skiplar om på livet til dei involverte. No er det mange år sidan eg las Insektsommer, men eg opplever Petterson sin forteljing som enno litt meir dyster og lagnadstung.

Forholdet til faren er sentralt i forteljinga. Gjennom heile forteljinga uttrykker hovudpersonen ei nærmast grenselaus beundring for, og eit sårt sakn etter faren. Dette er i skrikande kontrast til den plassen forteljaren sjølv gir til sine eigne barn i livet sitt. Hovudpersonen reflekterer over mangt og mykje undervegs i boka, men ikkje ein einaste gang held han sine eigne ynskje om nærleik til faren opp mot den nærleiken han sjølv som far gir eller ikkje gir til sine eigne barn. Denne kontrasten er så underfortalt i boka at det ikkje er opplagt for meg at Petterson har meint at det var eit sentralt poeng i historia. Men for meg vart dette eit av dei sterkaste inntrykka etter at boka var ferdiglest.

I andre bokomtaler og diskusjonstrådar har enkelte holdt fram slutten av boka som litt skuffende. Eg kan til ein viss grad vere samd, eg opplevde slutten som ei avsporing frå resten av boka. Men samstundes så markerer den ein overgang frå ein fase av livet til ein annan, og slik sett så passa den godt. Og det ligg trass alt ein del livsvisdom i den siste setninga i boka.

Eg har ikkje lest noko av Petterson før, men denne boka gav meirsmak. Jeg nekter stend ulest i bokhylla, og forventningane til denne steig nok eit par hakk etter å ha lest Ut og stjæle hester.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Lars MæhlumHeidi HoltanKirsten LundLailaBerit B LieIngunn SReadninggirl30LilleviAnne LiseAndreas BokleserNorahStig TPrunellaMarkus IngebretsenRufsetufsaPiippokattaKarina HillestadSynnøve H HoelRoger MartinsenIrene KnudsenPer LundHarald AndersenAnne Helene MoeToveAnneWangCathrine PedersenMarenKikkan HaugenAnneIrenelesergretemorCarine OlsrødHarald KAnne Berit GrønbechBård StøreStian AxdalGunn DuaasHegeArne Sjønnesenalpakka