”Andvake”, Jon Fosse

Då eg såg Bokprogrammet på NRK TV, kor Siss Vik var i samtale med denne mannen Jon Fosse, i Grotten, kor Jon fortalte om ein gong han såg eit nyfødt born, kor alle andre var oppløfta, snakka om eit under, at eit nytt liv var kome til verda. Vel Jon fortalte at han tenkte på døden – at ein gong skal dette bli død. Eg tenkte med meg – kva er det som eigentleg bur opp i denne dramatikarens hovud - og kjøpte Andvake.
Andvake følgjer Alida og Asle, eit ugift par frå svært fattige kår, som skal ha born. Kva årstal kjem ikkje fram, men eg tenkte det kunne være for to til tre hundre år sidan – sikkert ikkje so viktig.
Det som er viktig er dramatikken. Når ein mann tenkjer på døden når andre tenkjer på nytt liv, seier mykje om kva lerret denne mannen kan trekkja opp med svært få ord. Boka er på berre vel 70 sider, men kvart eit einaste ord mellom punktuma er nøye valde, finslipa og velplasserte. Han dreg dramatisk ut eit lerret om disse to, lukkelige, fortvila, optimistiske personane, kor han i ei og same setning gjerne tek for seg heile slekta, svik og draumar til disse. Asle er, som sin far og farfar, spelemann, og Jon er innom kva det vil seie å vera ein spelemann; at då skal ein ta vidare kjenslene til dei ein spelar for, enten det er i eit bryllaup eller ei gravferd. Eg tenkjer at då fortel Jon om seg sjølv, og alle andre kunstnarane. Det er det denne boka gjer. Den dreg ut kjenslene, og sidan snurpar dei saman - slik berre store kunstnarar og dramatikarar klarer.
Med eit format på berre 70 sider, må ei historie sete frå byrjinga av. Eg brukte nok nokre sider før eg kom inn i rytmen og språket til denne karen. Eit frodig nynorsk som ikkje ligg særlig nært verken mi dialekt, eller mitt skriftspråk, og med eit nesten fråvær av punktum, kravde det min fulle konsentrasjon, men når det fyst sat – så sat det.
Mine tankar gjekk både til Maria, Josef og Jesusbarnet i gamal tid, men og stundom til romfolket no i våre dagar – så at Jon får si tid i Grotten følast heilt greitt. Det er berre dei store som får det.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Torill RevheimIngunn SBeathe SolbergKirsten LundGrofornixHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBenedikteSynnøve H HoelDemeterTor Arne DahlJulie StensethÅsmund ÅdnøyLinda NyrudHeidi HoltanTrude JensenTanteMamieDaffy EnglundLailaEllen E. MartolRoger MartinsenTine SundalToveInger-LisePerSpelemannReadninggirl30Fride LindsethTor-Arne JensenTorJBBjørg RistvedtChristofer GabrielsenSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneHanne Kvernmo RyeBjørn Sturød