Nesbø skriv godt. Han har særleg eit godt grep om miljøskildringar, og å dra lesaren inn i dei ulike scenene i boka. I denne boka har han i tillegg gjort utstrakt bruk av eit virkemiddel ved sceneskifte, der eit element i avslutninga i førre scene gjeng att i starten av neste scene. For eksempel at ei scene sluttar med at person A ringer på døra til person B, og neste scene startar med at ein person C åpner døra for person D ein heilt annan stad.

Oppbygginga av plottet er brukbart. Det er tydeleg at Nesbø gjer eit anstendig stykke med forundersøkingar til bøkene sine. Skildringar så vel frå Vukovar og Zagreb i Kroatia som frå Frelsesarmeen sitt indre liv virker truverdige. Men som i fleire av dei andre Harry Hole-bøkene eg har lest tykkjer eg starten på boka er betre enn slutten.

Dette er den fjerde Hole-boka eg les, og eg har etter kvart begynt å setje pris på referansene til hendingar, stadar og personar frå dei tidlegare bøkene. Det ender nok med at eg les heile serien, sidan eg no har ei oppfatning av at serien som heilskap er betre enn summen av dei enkelte bøkene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Thomas Røst StenerudRoger MartinsenEgil StangelandBirgitte Veland LarsenCamillaBerit RTone SundlandConnieAndreas BoklesersveinJeanetteAre SkårIreneleserTonesiljehusmorTherese SteinskogLinda NyrudLailalillianerHilde Merete GjessingSynnøve H HoelKirsten LundIngeborgMarit HåverstadLesevimsaMarianne  SkageBjørg Marit TinholtNorahEllen Lindheim SlettevoldOdd HebækAnniken RøilKaramasov11Astrid Terese Bjorland SkjeggerudJulie StensethChristoffer SmedaasKaren PatriciaBertyFlettietteSigrid Blytt TøsdalHarald K