”Innsirkling”, Carl Frode Tiller
”Født sånn, eller blitt sånn?”, er eit uttrykk som har festa seg i det norske språket etter ein tv-serie med same namn. Mine tankar gjekk til denne no medan eg las boka.
Viss du vaknar med hukommelsestap, ikkje huskar det slag av ditt tidlegare liv, og du i tillegg får vita at mor di er død for lenge sidan, og at ingen veit kven din biologiske far er - ja kva gjer du då? Ringer Harald Eia kanskje? Neppe.
Ein langt betre ide er å setja inn ei annonse med bilde av deg sjølv, og håpe på at nokon kan fortelje deg kva kar du er. Håpe at folk skriv til deg – om deg.
Breva kom, og denne boka var ”litt vanskeleg å leggja frå seg” - for å seie det sånn. Ikkje fordi ho var så enormt bra, heller fordi eg brukte mesta halve boka før eg kom skikkelig inn i ho – og hadde faktisk lyst til å leggja ho frå meg – men fekk det ikkje til.
Han skriv veldig godt, det er eit spanande prosjekt, er svært god til å skildre det nære og det sarte – ja, og det svarte også. Veldig god på det.
Grunnen til at eg sleit var at ho var so oppstykka, og det kravde mykje konsentrasjon. Eg hadde vanskar med å skjøne kven som var kven i disse breva. Hovudpersonen var den mest distanserte i heile boka, og det var no litt tøft etter kvart eg kom inn i det og skjøna opplegget. Breva skildra livet til hovudpersonen, litt kva han hadde gjort, men mest kva han hadde opplevd, det som hadde skjedd rundt ham, og korleis dei oppfatta han, i gode person- og miljøskildringar. Gode tidsbilete var der og – veldig gode, og han fekk også fram mange gode bilete galleriet i boka hadde i hovudet – akkurat slike saker som so mange andre også har hatt i hovudet.
Er glad for at eg fullførte boka, men blir overraska om eg ein dag sit her og les i Innsirkling 2 - men so er no det slik at eg likar no overraskingar eg då ;-)
Viser 3 svar.
Hei, Steinar. Da jeg hadde lest de første par sidene av boka, var jeg fristet til å lukke den for ikke å åpne den igjen. Planen endte med at jeg leste ut både den og oppfølgeren. Uten å si at man pent er nødt for å like litteratur som har gitt forfatteren nominasjoner til store priser, er dette et godt tegn på høy litterær kvalitet. Hva det å komme inn i boka angår, hjalp det meg å forbinde datoen som åpner hvert kapittel, med de andre datoene. Å notere seg stedene aktørene befinner seg på eller i og hvilke handlinger de utfører, er også til hjelp dersom man ikke får helt feste i en roman.
Fint at du likte de.
Han skriver helt topp. En dannelsesroman om min generasjon i mine omgivelser.
Da håper jeg du overrasker deg selv med lese Innsirkling 2 for den er mye bedre! En av mine favoritter. Tiller går dypt inn i menneskelig psyke og skriver så fengende og elegant. Anbefales!