Tenk, helg att, endeleg!
Eg har lagt vekk Wuthering Heights for no (det var på tide, vil vel kanskje nokon seia) og kosar meg med andre bøker i staden. Ein tur på biblioteket etter noko heilt anna resulterte i at praktboka Det fleirspråklege Noreg vart med heim, og på ein knapp ettermiddag i går og til frukost i dag slukte eg over halve - det er spanande å lesa om dei mange fleirspråklege i Noreg, og alle opplevingane kring å vera fleirspråkleg, om det er norsk-samisk, arabisk-norsk, bokmål-nynorsk nederlandsk-teiknspråk-norsk eller noko heilt anna.
Eg har òg fått med meg heim Du er her igjen og alt er forandra av Gaute M. Sortland. Det er som ein lekk i nokre av lesemåla for 2014 - meir av menn, meir av nordmenn, meir på norsk (og helst nynorsk).
På øyra har eg His Majesty's Dragon av Naomi Novik, fyrste bok om bruken av dragar i luftkrigen mot Napoelon. Ikkje akkurat fakta, for å sei det mildt, men underhaldande so langt.