Eg skal skumma gjennom siste bok i The Hush Hush Saga, paranormal romance for ungdom om ein fallen engel og hans kjæraste. Ja, det er bortimot like forferdeleg som det høyrest, men når ein no har komme til siste bok må ein nesten fullføra.
Når den er ferda skal eg enten fortsetja med Wuthering Heights av Emily Brontë, som har vore mitt dårlege samvit sidan september ein gong, eller byrja på ei av julegåvene, & me skal bli omskapte av sambygding Jostein Fretland og kjæraste Mariell Øyre.
Elles avgjekk telefonen ved døden (eller vart indisponert grunna skrekkeleg sjukdom), so lydbøkene er lagt på vent. Det er ser dermed ut som eg kanskje kjem til å gå til innkjøp av Shakespeare sin King Lear, sidan det var den som sto fremst i lydbokkøen (og med det rauk tanken om ingen fleire bokkjøp før eg har lese massevis av det eg alt har...). Den Nationale Scene har premiere på dette stykket om berre to veker, og eg vil lesa det fyrst.