Clare møter Henry når ho er seks og han er i tredveåri. På ein eng ved huset hennar sit ein naken mann, ein mann som dukka opp frå ingenting, og forsvinn til ingenting. Medan ho veks opp kjem han attende med ujamne mellomrom. I hennar framtid skal dei gifta seg, i hans notid er dei mann og kone.

The Time Traveler’s Wife handlar om Henry, som ufrivillig reiser i tid, og Clare, som veks opp med han, forelskar seg i han, og giftar seg med han – alt medan han forlet ho og kjem att, gong på gong. Utgangspunktet er godt, og det er ein del ting som funkar i denne romanen. Den er fortalt vekselvis frå Henry og Clare sitt synspunkt (dermed er tittelen litt misvisande). Det funkar særleg godt i lydbokformat, då dette bryt opp narrativet (og eg “les” som kjent nesten berre lydbøker for tidi). Den held orden på kronologien ved alderen til hovudpersonane, noko som er eit godt hjelpande grep. Den er rørande og sjarmerande og til tider både morosam og svært dramatisk.

Det er diverre vel so mykje som ikkje funkar. Det sjarmerande rørande tippar ofte over i det usjarmerande sentimentale. Ikkje alle vala til Clare og Henry er like velfunderte, som truverdige personar er dei noko “eigne”, for å sei det mildt. Det romantiske tippar over til bittelitt creepy, og eit spanande utgangspunkt vert for spesielt retta mot akkurat desse personane sine problem. Skal ikkje romanar sei noko om det generelle, gjennom det spesielle? Niffenegger traff ikkje heilt der.

Men det funkar altså, til dels, og romanen vart ein internasjonal suksess då den kom ut.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Hanne Kvernmo RyeOleKirsten LundBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakim