Skal ein først reflektere over leseåret som har gått, så vil eg helst nytte talmateriale som underlag heller enn å gi meg ut på rein synsing. Derfor har eg telt opp bøkene eg har lest, gruppert på ulike måtar, og oppdaga eit par tendensar som eg ikkje hadde reflektert over før eg gjorde denne øvinga.

Først; eg har lest 62 bøker i år. Dette er mykje meir enn eg hadde reikna med å lese ved inngangen til året, og det er nok først og fremst deltakinga på desse sidene som har gjort at eg har lest, etter min målestokk, såpass mykje. Tusen takk til alle de som bidrar til desse sidene, og til administratoren som held dei i sving. Tre av bøkene eg har lest var lydbøker. Eg fekk også uvurderleg starthjelp til å kome i gang med lydbøker her på desse sidene.

Terningkast
Ingen av bøkene eg har lest har vært direkte dårlege, eg har ikkje delt ut terningkast 1 eller 2 i 2013, og det er ikkje for å vere grei. Det handlar meir om at eg har undersøkt bøkene litt på førehand før eg vel å lese dei (eller å ikkje lese dei). Dette er noko eg kjem til å halde fram med i 2014. Gjennomsnittleg terningkast i 2013 var 4,32, og 4 var det vanlegaste terningkastet.
skriv bildebeskrivelse her

Språk
49 av bøkene har eg lest på norsk, 7 på portugisisk og 6 på engelsk. Det vil vere naturleg å sikte på eit liknande antal framandspråklege bøker til neste år.

Lengde
Bøkene fordeler seg på 15 784 sider (lydbøker ikkje medreikna).Gjennomsnittslengda på bøkene eg har lest er 268 sider. Nesten alle bøkene eg har lest er på mellom 100 og 400 sider. Det kan sjå ut som eg har skrekk for lengre (eller kortare, for den saks skuld) bøker. Men leseplanen for neste år inneheld alt fleire verk på godt over 400 sider, så det er mogleg at fordelinga på sideantal vil sjå litt annleis ut neste år.
skriv bildebeskrivelse her

Årstal
Eg har lagt vinn på å lese både ny og eldre litteratur i året som gjekk, og eg er særs nøgd med fordelinga som gjeng fram av figuren nedanfor. Som ein kuriositet nevner eg at 3 av bøkene var frå 1966, året eg vart fødd. Den eldste boka eg las var ei japansk reiseskildring frå år 935.
skriv bildebeskrivelse her

Bok-kategori
Eg var klar over at eg har lest mest romanar, men eg trudde ikkje denne kategorien var slett så dominerende. Og eg trudde eg hadde lest fleire krim-bøker enn 8. Her er det rom for å variere litt meir til neste år.
skriv bildebeskrivelse her

Nasjonaliteten til forfattaren
Dette var den største overraskinga eg fekk frå denne øvinga. Så godt som halvparten av bøkene er skrivne av norske forfattarar. Sjølv om eg har lagt vinn på å lese variert i året som gjekk, så har eg ikkje tenkt over nasjonalitet når eg har lagt leseplan. Berre 2 forfattarar frå Asia, og ingen frå Afrika eller Oseania i 2013. Dette er heilt klart noko ein kan ta omsyn til når ein skal legge inn variasjon i leseplanen for 2014.
skriv bildebeskrivelse her

Apropos variasjon, så har eg prøvd å avgrense omfanget av å lese 2 eller fleire bøker av same forfattar i 2013;
John Steinbeck: 7 bøker (dette på grunn av felleslesing av Steinbeck sine verk)
Jo Nesbø 3 bøker
Machado de Assis, Kjell Aukrust, Jørgen Brekke, Kjartan Fløgstad, Erlend Loe og Arvid Møller: 2 bøker av kvar.

Då trur eg at eg har tværa lenge nok på talmaterialet frå leseåret 2013, og eg kjenner meg godt rusta til å take fatt på 2014.

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Imponerende måte å reflektere på, må si dette er den grundigste analysen av bokåret 2013 jeg har sett. Nå lurer jeg faktisk på om jeg må gå litt grundigere til verks, dog uten den flotte presentasjonen din :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg synest det er litt moro å vere nerdete, då.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Harald KPernille GrimelandEmil ChristiansenPiippokattaMorten MüllerKirsten LundVannflaskeStig TKaren RamsvikTine SundalEster SLisbeth Marie UvaagEivind  VaksvikFrisk NordvestMari ArnLilleviJarmo LarsenBente NogvaHilde Merete GjessingJulie StensethReidun VærnesReadninggirl30Astrid Terese Bjorland SkjeggerudMona AarebrotAud Merete RambølmarvikkisNabodamaTatiana WesserlingBeathe SolbergKaramasov11FredrikAnne Berit GrønbechIngeborg GKjell F TislevollMarianne MVibekeLailalillianerNorahRonny