Å lese denne boka er som å tre inn i ein draum. Ikkje ein hyggeleg draum, heller ikkje eit mareritt, men mest underleg, surrealistisk og med repetisjon av enkelte element i nye hamar, om lag slik i allefall mine draumar ofte ter seg.

Hovudpersonen Josef K., som eg oppfattar å vere eit bilete på forfattaren sjølv, blir arrestert ein morgon. Men ikkje arrestert av det vanlege politiet, og heller ikkje arrestert i den forstand at han blir satt i fengsel, men det blir gjort tydeleg at det er satt i gang ein prosess mot han. Denne prosessen førast ikkje av det vanlege rettsapparatet, men av eit parallelt og uhyre omfattande rettsapparat, som viser seg å fylle nesten heile samfunnet. I draumeaktige sekvensar oppsøker K. undersøkelseskommisjonar, rettskontor, advokatar og andre som kan hjelpe han i å orientere seg i prosessen, men dess meir han prøver å orientere seg, dess meir ullen og ubegripeleg blir prosessen.

Eg blir ikkje heilt klok på kva Kafka prøvde å fortelje med denne boka. Skal prosessen i boka vere eit bilete på noko i det verkelege livet? Eg tenkte ei stund på at det kunne vere eit bilete på folkesnakk og forventningar om konformitet, men er langt frå sikker på dette. Eg les på internett at det er vanleg å legge tolkningar av angst og framandgjering til denne historia, men eg er ikkje udelt samd i dette. Tvert om meiner eg Josef K. viser mot ved å motarbeide prosessen, og Josef K. er ikkje meir framandgjord for prosessen enn øvrige karakterar som har ein prosess hengande over seg, eller endåtil aktørane i prosessen som ikkje kjenner andre deler av den enn nett den vesle delen dei sjølve utfører.

Forfattaren gav opp å fullføre boka lenge før han døde, og manuskriptet ber til ein viss grad preg av dette. Enkelte kapittel er glitrande skrive, andre virkar som endelaus drøvtygging av poeng som ein har kjensla av alt er behandla tidlegare i boka. Det er synd og skam at Kafka ikkje klarte å fullføre boka slik han tenkte den, men sjølv dette uferdige manuskriptet engasjerer lesarar nærmare 100 år etter det blei skrive, og truleg minst like lenge til. Godt gjort.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Dette er ei av dei bøkene eg er aller mest stolt av å ha fullført. Merkelig er den, og tolkingane er mange..Uansett, det er ei bok som har sett spor etter seg, vi seier gjerne at "Det er noko Kafka over det" når det er noko som verkar absurd.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

AvaRandiAElisabeth SveeJoannHilde H HelsethKirsten LundStine SevilhaugKathinka HoldenTove Obrestad WøienJarmo LarsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseIngunn ØvrebøHilde Merete GjessingritaolineElin FjellheimRufsetufsaTonesen81Synnøve H HoelEivind  VaksvikMarteSverreReadninggirl30FredrikIngunn SJon Torger Hetland SalteVegardSilje BorvikBertyBjørg L.Beathe SolbergLisbeth Kingsrud KvistenIngeborg GVibekePirelliTheaLars MæhlumAgathe MolvikDolly DuckAlice Nordli